No held Mari sitt lager av «dagen blide» på å tynnast faretruande ut. Ho treng derfor hjelp av dykk lesarar til å fylle oppatt slik at vi ikkje får ein stopp i dette som gjer at nettsida faktisk klarer å ha eitt nytt innlegg kvar deg gjennom heile året.
Les heile saka
Kassadame Marit Tørset hadde full kontroll bak spakene på Matkroken i dag, da det var ganske så stille på inne i butikken på midt på dagen. Når ein såg på kundane, så kunne ein kanskje tenkje seg til at det no er siste innspurt i heimane rundt om før julefreden senkar seg hos dei aller fleste. Utan å ønske om å fornærme nokon for det…
Les heile saka
Røv Mølle bur seg på auke i kraftforleveransane og satsar på ein heilt ny ekvipasje for transport ut til kundane. Den nye bilen har ein lastekapasitet på 31 tonn, og bil og tilhengar er ei investering på godt og vel 3,0 mill.
Les heile saka
Har du lyst til å prøve deg på litt sjakkspell, så har du sjansen 1. nyttårsdag når det blir nyttårssjakk i Kaffekroken på Halsbua - vi startar kl. 1500.
- Da blir det uformell turnering men med garanti for at alle får minst to parti. Gjennomføringa blir tilpassa dei frammøtte. Kom og bli med!
Kristiansund og Nordmøre turistforening søkjer etter nye drivarar til Todalshytta for neste sesong. Todalshytta vart bygd i 1901 – i engelsktida – av Ethelbert Lorth Philips som på den tida dreiv med både jakt og laksefiske på Nordmøre. Etter krigen overtok KNT Todalshytta og har drive hytta både for eiga rekning og som utleie i denne perioden.
Les heile saka
Talgø MøreTre sin elementfabrikk fikk ei dobling av omsetninga i 2018. – Det har sjølvsagt vore litt av ei utfording med ei slik auke – mykje jobb, men det det har vore artig. Det er Svein Løvik, Erling Talgø og Arve Ervik som fortel dette til Todalen.no etter at siste rest er fakturer og dei har fått oppsummert året og landa på ei omsetning på rundt 71 millioner – mot 38 mill. i 2017.
Les heile saka
Onsdag trefte vi 6 mann med ein felles interesse og hobby. Dei 6 var samla hos ex-Jobus spellmann Jon Bjarne Husby i Jostua, og her høyrte du «Lørdagsvalsen» straks du kom ut av bilen. – Dei har ein felles interesse og hobby, men dei har stor geografisk spredning. To frå Todalen, to frå Lykkjebygda, ein frå Bæverfjord og ein frå Skålvikfjorden.
Les heile saka
Prosjekt 17-koret sørga for å føre tradisjonen med julekonsert vidare i Todalskyrkja. Det var ei fantastisk oppleving å høyre korsongen, orgelmusikken og allsongen, og dersom du ikkje kom i julestemning med eit slik program så er du nok eit håplaust tilfelle.
Les heile saka
15.-17. februar inviterer Norges skiforbund og Møre og Romsdal skikrets til Trener 1-kurs i Randonee på Kårvatn i Todalen.
Les heile saka
Har du epostadresse med «etternavn» svorka.net, så begynner det å haste med å skaffe ny epostadresse og med utsending av informasjon til dine kontakter. 1. januar 2019 er det nemlig slutt med eposttjenesten fra Svorka. Svorka legger nemlig ned denne gratistjenesten fra nyttår på grunn av at det er for krevende å holde denne gratistjenesten operativ, sier Janne Rangnes som er salgs- og markedssjef i Svorka.
Les heile saka
Ja det kunne dei dyktige elevane ved Todalen skule i går kveld konstatere etter at dei for nesten fullsett gymsal framførte dramatiseringa » Albert og julemånen» på juleavslutninga. Elevane har den siste tida jobba knallhardt med både replikkar og kostymer i forkant av årets forestilling. Alle klassene var med på oppsetjinga og dei hadde absolutt full kontroll både på tekst og sceneskift.
Les heile saka
Alle er velkomne til juleavslutning på Todalen oppvekstsenter i kveld, tysdag 18. desember kl. 17.30! Julespelet «Albert og julemånen» blir framført frå scena. Det blir kaffe og kaker, gong rundt juletreet og kanskje kjem nissen ned frå Lauvåfjellet. Arrangør er Todalen oppvekstsenter og FAU VEL MØTT!
Les heile saka