Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag med oppstart på nyåret
Surnadal Pensjonistlag melder nye dagar for trim og dataklubb no på nyåret.
Les heile saka
The Brørs: «Pappapop»-slepp
Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar kl. 1900.
Les heile saka
Patt, remis og sjakk matt
Mange var kanskje klistra framfor TV-skjermane i romjula, medan Magnus Carlsen briljerte under årets sjakk VM i Russland. Og det hadde kanskje ringverkningar når det i dag måtte utsettast ekstra bord for at alle skulle få spele under sjakkøkta på Matkroken.
Les heile saka
Vangsgutane sin utgivar Fonna Forlag til salgs
Det skriv Trollheimsporten på sine heimesider no i dag. Dei har vore i kontakt med Arnt Årnes som eig majoritetane av aksjeane som blant anna har gitt ut juleheftet Vangsgutane med hendingar frå Todalen sidan 1983.
Les heile saka
Godt nytt (vått) år!
Vi skriv no på siste verset av 2018, og nesten som ein tradisjon så er ruskeveret på plass i Todalen og Møre & Romsdal for øvrig. Den vesle snøen vi fekk natt til i går har forlatt dalen for lengst, og ute er det no pøsregn og vind. NVE melder om både kraftig vind og mykje nedbør i vår landsdel, som naturleg nok vil leggje ein dempar på årets nyttårsfeiring.
Les heile saka
Lauga seg inn i det nye året
Det starta i det små, med eit par stykker som møttes i fjæresteinane på Ansneset for å ta seg eit nyttårsbad for nokre år sidan. I år var det i følge tilsendte bilder utruleg god deltaking og kanskje ok temperatur for hardhausane. I lufta var det i alle fall rundt 5-6 grader, men med noko nedbør så ser det rett litt hustrig ut likevel…
Les heile saka
Hugs sjakk i morgon!
Terje Nordvik minner på om at det i morgon er sjakk på Matkroken klokka 15. Det er planlagt ei uformell turnering der vi garanterer minst to parti på alle mann, tilpassa mannskapet som møter opp, fortel han. Det betyr at både nybegynnarar og proffe som Karlsen oppfordrast til å ta seg ein tur for litt […]
Les heile saka
Sosialt med romjulsmarsj på Nordvik
Godt over 50 personer med stort og smått deltok på romjulsmarsjen som Nordvik Grendalag arrangerte. Det var de fleste av det sittende styret som hadde lagt til rette med servering av kakao, gløgg og pepperkaker. Andreas Bele fungerte som fyrbøter, noe som gjorde at det brant lystelig i peisen ved enden av grillen.
Les heile saka
Nyttårsgudstjeneste
I morgon er det nyttårsgudsteneste kl 16.00 i Todalen kyrkje. Oddveig Helset Halle er organist, og har fått med seg Tove Elin Strand på fløyte og Kirsten Næss på fiolin. Dei framfører mellom anna Julverset.
Les heile sakaRomjulsmarsj også på Nordvik
I dag er det nordvikgardingane som arrangerer romjulsmarsj. Dei har oppmøte ved leikeplassen i Sollia mellom 13 og 14 og håper at mange kjem og blir med. Dei fristar både med kakao, gløgg og pepperkaker.
Les heile saka
Kristina dømmer i verdenstoppen
Sist uke ble Kristiansundsjenta Kristina Andersen Ness, med sterke aner fra Todalen, forfremmet til bryterdommer i kategorien Internasjonal 1. Den nest høyeste dommergraden en brytedommer kan ha på internasjonalt nivå.
Les heile saka