Kløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.
Les heile saka
Kløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.
Les heile sakaNo er det aldeles rette tida for å førebu sommarens hagebruk. På Hageland er alle typar frø, både til blomster, grønnsaker og urter på plass i hyllene. Tysdag 5. mars frå kl 18 får Hageland besøk av Kirsty Mckinnon frå Norsøk på Tingvoll i butikken. Ho vil saman med Hubertine Roebroek som er gartner på Hageland vise korleis du skal få godt resultat med såing, prikling og planlegging av kjøkkenhagen.
Les heile sakaToril Redalen og Eduard Ortega har sendt oss eit lite prospekt med eit utleigeobjekt i perioden 1. – 30. april 2019, som ligg sentralt i Todalen. Dei har totalrenovert den gamle husmannsplassen like ved kirka, og ønsker no å leige den ut i kortare periodar.
Les heile sakaStangvik Historielag heldt sitt årsmøte på Stangvik skule den 19. februar, med bra oppmøte. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, bl.a. val, rekneskap og budsjett. Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, overtala både formann og to styremedlemmer til å fortsette. Styret vart da som følgjande: leiar Einar Grønnes, nestleiar Marit Haugen, sekretær Hallvard Kvande, kasserar Rolv Lysø og styremedlem Rolf Smisetfoss.
Les heile sakaLukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Les heile sakaElisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.
Les heile sakaI dag er det Barn i løypa på Tjønnmyra frå klokka 12 og utover, eller familiedag om ein vil. Her blir det både kaffe og kanskje bakels å få servert mellom draga i skibakken.
Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!
Les heile sakaLaurdag 9. mars frå kl 14.00 byr «Venner av skulstua» på kulturprogram i Skulstua. Da blir det musikk med medlemar frå musikkgruppa «The Invalidos», og i tillegg vil Nils Tore Leivdal frå Batnfjorden og Konrad Nerland frå Eide bidra med kulturelle innslag. Det blir gratis inngong, og servering av kaffe og kaker. Utlodding i pausen. Alle er […]
Les heile sakaTidlegare i vinter vart det funne eit dødt rådyr i området ved geilhaugen på Nordvik. Dødsårsaka var ukjent, men dei som fann rådyret tykte det var unaturlege klover på dyret – både lange klover og biklover. Nils Gjeldnes tok vare på alle 4 føttene for å undersøke om kva som kunne være årsak til dette.
Les heile sakaSist sommar, inviterte Ragnar Halle med seg Svein Åge Saksen og Carsten Bohle til Neådalen på fisking. Svein Åge hadde naturleg vis med seg kameraet og har no sett saman ein ferdig film på ca fire minutt frå turen.
Les heile saka