Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.
Les heile saka
Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.
Les heile sakaErik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp. Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km.
Les heile sakaDet var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig. Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.
Les heile sakaOnsdagskvelden 30.10. kl 19.00 arrangerer Surnadal Pensjonistlag trivselskveld på hotellet. Det blir enkel middag (oksesteik m/grønsaker) og kaffe, før vi samlast på Gladlaxen for å dansa til Trond Larsens kvartett. Vi trur det blir triveleg!
Les heile sakaLaurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest og jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå 1969 som var spesielt invitert. På menyen stod det svinegryte med potetstappe, og etterpå vart det servert kaffe og kaker.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer måndag 14. oktober eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.
Les heile sakaDet er nok litt tidleg med julebord enno, men det er på høg tid å starte planlegginga for å sette av datoen, seier Nils Ove bruset som er leiar i Todalen Idrettslag. – Vi skal bygge vidare på julebordsuksessen frå i fjor, da rundt 70 personar deltok i julebordsfeiringa i Ungdomshuset. I år er det laurdag 23. november som er den magiske datoen for mykje god julemat og mykje julestemning i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 22.10. kl 1500, melder leder Kristian Ranes i en e-post. – Vi får besøk av formann i fylkesstyret Melvin Steinsvoll, det blir song og musikk, servering og loddsalg. Vel møtt til eit triveleg møte!
Det ble en flott avslutning på årets tursesong for Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Det har vært jevn bra deltakelse gjennom sesongen, og det er tydelig at lagets medlemmer og andre som har deltatt sett stor pris på dette tilbudet. Dagens tur hadde utspring på Vang skiarena, og der er det et flott og variert løypenett rundt i området.
Les heile sakaSøya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte på kantina på Talgøfabrikken på Kvennset tysdag 5. november kl. 19.30. På agendaen står vanlege årsmøtesaker, og dersom det er aktuelle saker til årsmøtet så må desse være leiar Håvard Halset i hende innan 29. oktober. Enkel servering på møtet.
Det trengs fleire bøssebærarar til søndagens TV-aksjon med innsamling til CARE, fortel koordinator i Surnadal kommune Anne Lise With Wullum. TV-aksjonen er avhengig av at folk melder seg frivillig for at heile kommunen skal bli dekt. Det er no spesielt i Nedre Surnadal at manglar folk til å gå med bøssene. Her kan du sjå kva «roder» som ikkje er dekt opp, og har du lyst til å være med og ta eit tak så er det berre å melde seg til innsats.
Les heile sakaI helga arrangerte Surnadal Golfklubb si siste turnering for sesongen. Med heile 44 deltakere frå fire ulike klubbar påmeldt til årets «Hjorte-scramble», vart avslutninga ein suksess. Antall påmeldte deltakarar var forøvrig årsrekord, og berre under jubileumsturneringa i 2006 har det vore fleire deltakere med.
Les heile saka