Sokneråda i Surnadal og Rindal takkar alle som støtta årets fasteaksjon.
Leiar for innsamlingsaksjonen, Gro Hauge Venås, seier takk med denne helsinga:
Les heile sakaSokneråda i Surnadal og Rindal takkar alle som støtta årets fasteaksjon.
Leiar for innsamlingsaksjonen, Gro Hauge Venås, seier takk med denne helsinga:
Les heile saka14 04 2020 Statusrapport frå kriseleiinga. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune.
Mange barn er no spente og glade for å kunne komme i barnehagen og på skulen sin igjen. Kommunalsjef i oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, fortel om omfattande planlegging og logistikk for å få dette til på ein god og trygg måte i heile kommunen. Torsdag 16. april kjem det ut ein nasjonal veiledar som skal bidra til å kvalitetssikre både konkrete smitteverntiltak og opplæring under den gradvise reopninga.
På grunn av situasjonen rundt koronakrisa avlyses stavgang og trening inntil det blir tillatt å samles flere enn fem stykker med flere meters avstand, skriver Surnadal pensjonistlags stavganggruppe i en pressemelding.
– Dette beklager vi sterkt, og oppfordrer til å gå turer på egen hånd enn så lenge. Det blir annonsert når vi igjen kan treffes til trim og sosialt samvær!
Etter gammel kalender er 14. april den første sommardagen. Det er ikkje akkurat det intrykket ein får når ein kikar ut, men alt har sin overgang – frå laurdag og så langt vi ser ut i neste veke er det full vår på gang med stor og rundt sol på langtidsvarselet på yr.no. Og finvêret som kjem no etterkvart det treng vi, slik at vi kjem oss ut.
Les heile sakaGudstenesta på nettet må vel kunne oppsummerast som ein suksess. I skrivande stund på tysdags morgon er det 650 som har lasta ned linken og starta visning av nettgudsteneste frå Todalen kyrkje som vart vist på påskeaften. Det er 3-4 gong så mange som det er plass til i kyrkja.
Les heile sakaPga koronaviruset er nesten all aktivitet utsett eller avlyst, og det blir mindre å skrive om for todalen.no.
I det høve vart skannarpatrulja spurt om vi kunne leggje ut bilete på nettsida ei stund framover. Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål. Frå nokre leigmål har vi mange bilete, frå andre finst det lite i arkivet. Håpet vårt er at dette arkivet kan bli så omfattande som muleg, det er mykje historie frå ei tid der setra og seterdrifta var særs viktig for forfedrane våre.
Les heile sakaI overgangen frå vinter til vår er det tid for den årlege medlemskontingenten i Todalen idrettslag. Dette er ei viktig inntektskjelde for Todalen I.L., og er med og sikrar aktivitetane som laget driv og som er inkludert i medlemskontingenten og dermed gratis for medlemane. Ein kan berre nemna bruken av treningsstudioet «Hett & Svett», Skihytta, Tjønnmyran, anlegget på Bordholmen og mange andre ting.
Les heile sakaStyret i Todalen båtforening har bestemt at årsmøtet i år skal utsettes inntil Koronaviruset ikke lenger utgjør en trussel, skriv leder Lars iStensby i en pressemelding.
Etter vedtektene skal årsmøtet avholdes innen slutten av april, hvert år. I år så er det foreløbig ikke forsvarlig å samles til årsmøte, og styret har enda ikke kommet frem til en alternativ, trygg måte, å avholde årsmøte på
I ei tid der alle gudstenester er avlyst på grunn av smittefaren for koronaviruset er det viktig å være kreativ og løsningsorientert, og finne nye måtar og gjere ting på. Det har sokneprest Kristin Strand gjort, og lagfredagskvelden var det full aktivitet i kyrkja med førebuing til nett-gudsteneste som altså blir sent via internett påskeaften 11. april kl 23:00.
Les heile sakaFersk førerapport frå Skihytta og Tristeinan: Kjempefint føre med 10 cm nysnø og 2 kuldegrader! Det er i dag køyrt på spor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og Tristeinan, vidare til Snekkardalshalsen og til Skihytta på Ørsalfjellet. Vidare er det køyrt på spor frå Øyalia og til Skihytta. Den tradisjonelle Kjerringdilten er imidlertid avlyst på grunn […]
Les heile sakaVi brukar 7,5 mill. egg kvar dag, og er storforbrukarar av egg i påskedagane. – Det merkar vi godt, seier Maren Ansnes hos Pestua gard, for Prior har nærast henta egg etterkvart som hønene har vorpe den siste tida. Maren var i full jobb med pakking av egg da vi stakk innom, og ho var utstyrt med ansiktsmaske og godt påkledd der ho overvaka pakkeautomaten som skulle pakke 7500 egg som er dagens produksjon.
Les heile sakaSurnadal kommune har nokre faste tilskotsordningar for lag, og andre, som driv innafor kulturområdet. Desse har vore kunngjort før, men sia det er andre ting som, naturleg nok, har stole merksemda i det siste, kjem det ei påminning her:
Frist er 15. april for:
• støtte frå Kleivafondet
• framlegg på kandidatar til Kleivaprisen