I går inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Skjennå. Atten stavgangarar møtte opp på turen frå Åsen og oppover i retning Skjennå.
Les heile saka
I går inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Skjennå. Atten stavgangarar møtte opp på turen frå Åsen og oppover i retning Skjennå.
Les heile sakaI samband med dugnaden i ungdomsrommet vart det oppdaga at det har vore gjort hærverk inne i klubbhuset på Bordholmen stadion. Eit pulverapparat, som står i dommargarderoben har fått fjerna sikringen og noko av pulveret er spruta ut. Dette må ha skjedd ein av dei siste dagane.
Les heile sakaSetra Drift og Talgø Tradbo har som kjent innleia eit samarbeid om utbygging av leiligheter i Svartvassområdet i Surnadal. Det skjer gjennom selskapet SE-TA Project AS.
Les heile sakaGudstenesta i Stangvik søndag blir møte med særprega profilar. I si siste messe som sokneprest vil Torbjørn Brøske aktualisere Døyparen Johannes – Sankt Hans. Torbjørn har siste året gjort vikarteneste i området – mest i sokna Stangvik, Todalen og Åsskard
Les heile sakaBli med og løp «Stor-rointj» søndag 25. juni. Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre «Bankmila» i samarbeid med Surnadal IL, skigruppa som er teknisk arrangør. Banken byr på deltakarpremie til alle som tek runden rundt bygda.
Les heile sakaNordvik Grendalag inviterer til St. Hans-feiring i Nistufjæra fredag 23. juni klokka 18:00. Grendalaget ordnar med varme grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.
Les heile sakaLeiar Todalen elveeigarlag, Stig Husby, fortel at frå i år er laksevaldet «Steinutgarden» med i elveeigarlaget igjen. Steinutgarden har vore leid ut som privat elv i mange år no. Stig er glad for at den populære strekninga, ved utløpet av Romåa, no er tilgjengeleg for kortkjøparane i gjen. No blir Steinutgarden rusta opp til å ta i mot laksefiskarane, og ny fin gapahuk er under bygging og klar til bruk i løpet av veka.
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer, i år som i fjor, til St. Hans-feiring i gapahuken ved Båthølen fredag 23. juni klokka 18:00.
Les heile sakaMåndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen. De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Skjennå torsdag 22. juni klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Surnadal bygdemuseum på Åsen.
Les heile sakaNordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 24. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt få å vaske og rydda innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Les heile saka