Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaTodalen Idrettslag held no på med oppdatering av medlemsbasen sin for å kunne sende ut medlemskontingenten for 2021. I samband med dette registrerer dei epostadressa til medlemmene sine. Dette gjer at mange, no i helga, har fått ein epost frå Norges Idrettsforbund. Denne eposten ser slik ut:
Les heile sakaDet er stor utfart med folk som dreg på skitur i finvêret. Stor variasjon i valg av turmål er det også, og laurdag føremiddag registrerte vi stor biltrafikk og massevis av biler på parkeringsplassane ved ymse turmål. Vi tok turen til fots og turmålet var Øygardshalsen som er eit moderat turmål og ein del av Søyatraseen – med start frå Vang.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Nordmøre Mållag no i dag, vart vinnarane av Målprisen 2020 offentleggjort. Under årsmøtet til Nordmøre Mållag laurdag 17. april, vart det klart at Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs frå Surnadal har vorte tildelt Målprisen 2020.
Les heile sakaSpareBank1 SMN vil i år, som i fjor, gje lønstilskot på 7.000 kroner per sommarjobb for ungdom til bedrifter i Midt-Norge. Lønstilskotet blir gjeve til bedrifter som tilbyr ungdommar i alderen 16 – 25 sommarjobb i minst tre veker. I fjor vart det gjeve lønstilskot til 500 sommarjobbar for ungdom. I år håper SpareBank1 SMN å kunne gje dette tilbodet til 600 ungdommar. Eit skikkeleg prisverdig tiltak, spesielt i ei tid der det kan vere vanskeleg for ungdommar å finne sommarjobb på grunn av koronasituasjonen.
Les heile sakaDet er enno ei stund til sesongopninga på Todalshytta ein gong i mai, men her har det skjedd store endringar og det er mykje som skal på plass før den tid. No er vi komne så langt at den eine brikken etter den andre fell på plass – for eit par dagar sia kom kokken som skal sørge at både laksefiskarar og andre får god og spanane mat på bordet i sommar, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta.
Les heile sakaDet går framover med vaksineringa, og Surnadal kommune kallar no inn kandidatar til vaksinering for veke 17. I alt 252 vaksinedoser skal settast fredag 30. april, og dette blir ny rekord så langt, fortel Anne Lise With Vullum i ei pressemelding til Todalen.no. Bla videre og les info detaljar for vaksineringsarbeidet i veke 17
Les heile sakaMåndag viste vi bilete frå Litj-fjellet og åtvara mot rasfare – i dag er det grunn til å gjenta denne åtvaringa. No er det neleg gått ras i området ovafor Ansnessetra – i fjellsida opp mot Litj-fjellet. Har du tenkt deg til fjells i helga, så er det iallfall all grunn til å utvise stor […]
Les heile sakaDei første basestasjonane som Surnadal og Rindal beitelag skal plassere ut i samband med «Gjetargut»-prosjektet er no komne på plass. 4 av dei 11 stasjonane er plassert ut og er klare for drift. Torsdag kveld var det transport til Rambjøra og montering av utstyret der.
Les heile sakaFredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.
Les heile sakaVi trefte to karer som heldt på og rigga seg for fiskri i småbåthamna no i kveld. Dei skulle ut og sette garn, og så skulle dei fiske med snøre etterpå. Det har vore «nåkkån loinne» fiskeri den siste tida – best fangst med småsei og storsei og litt torsk.
Les heile sakaI ei pressemelding i går ettermiddag, informerer kulturavdelinga i Surnadal kommune om at søknadsfristen for kulturmidlar 2021 er 30.april. Same frist gjeld for å søkje om leige av idrettshallen, gymnastikksalar ved skulane og symjehallen, for skuleåret 2021/22. I tillegg informerer dei om at Surnadal kino opnar dørene att frå og med fredag 16.april.
Les heile saka