Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag treng grautkokarar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. juni 2021

Todalen Idrettslag treng smørgrautkokarar for å koke graut når det skal vere open kiosk på Bordholmen stadion. Bortsett frå Todalsdagen er det nok med ein grautkokar til kvar kveld kiosken er open. Det ser ut til å bli mellom 5 – 10 kveldar kiosken vil vere open denne sesongen. Idrettslaget stiller med mjølk, smør og kveitemjøl. Ingrediensane får ein utlevert på Matkroken Todalen frå 2 dagar før.

Les heile saka

Politikontroll på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. juni 2021

I ettermiddag hadde mannskap frå Surnadal lensmannskontor trafikkontrollar fleire stadar i kommunen. Ein av stadane var på Nordvik. Her var det fart, belte- og mobilbruk som vart kontrollert. 

Les heile saka

Skonnerten Ideal på Todalstur – du verden for ein flott båt

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juni 2021

Fredag kveld kom skonnerten Ideal frå Kristiansund på besøk innovar fjordane, og gjorde snumanøver innerst i Todalsfjorden.  Det var nok mange som spekulerte på kva ærende båten hadde, men vi trur at den rett og slett berre tok seg ein tur i det fine sommarvêret. Gradestokken balanserte utover dagen på rundt 30 grader i skuggen. og da var det nok godt å kome seg ut på bøljan blå og få litt avkjøling. 

Les heile saka

I kveld: Todalsturen blir starten på en travel sommer for Asle Beck

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juni 2021

Asle Beck gler seg til å komme tilbake til Todalen for å holde konsert.  Asle er godt kjent i Todalen og på Todalshytta etter å ha deltatt på låtskriverseminar og holdt et par konserter her. Nå tegner sommeren og høsten til å bli en travel tid for Asle, med konsert onsdag kveld og så kjøre til Todalen for å holde konsert på Todalshytta.  Videre blir det kosertering hele sommeren og høsten opptreden både på fredag- og lørdagskvelder. 

Les heile saka

Fjellgruppa tek turen til Møkkelfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. juni 2021

Tysdag den 8.juni tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen ut av fylket og går til Møkkelfjellet i Heim kommune i Trøndelag. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkøyring til Valsøybotn klokka 10:00. OBS! OBS! merk tidspunktet! 

Les heile saka


Lokaloppgjer på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I kveld var det eit klassisk lokaloppgjer i fotball mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9 i strålande solskin og så og seie heilt vindstilt. Men varmen såg ikkje ut til å prege innsatsen til spelarane. Bortelaget kom best i gang i første omgang, men heimelaget kom ganske fort til hektene og kampen jamna seg ut. 

Les heile saka

Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juni 2021

Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen.  Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.

Les heile saka


Siste nytt om koronavaksineringa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i føremiddag får vi ei oppdatering om koronavaksineringa dei komande vekene. På grunn av omfordeling av vaksiner har vaksineringsplana endra seg noko, så det kan vere lurt å følgje med i vekene framover. Pressemeldinga kan du lese i si heilheit nedanfor: 

Les heile saka

Vårsongkveld i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på. 

Les heile saka

Ustabil leveranse frå Bjøråa vassverk den siste tida.

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. juni 2021

Leveransane frå Bjøråa vassverk har vore utstibe den siste tida – seinast i går kveld var det stopp i vassleveransen ein kort periode.  Vi tok ein prat med Michal Heimlund som er driftsleiar for vann og avløp i Surnadal kommune for å høre kva som foregår og kvar skoen trykkjer.

Les heile saka