Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Perler i åkeren» i Galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. oktober 2021

Laurdag 23. oktober klokka 13:00 opnar Surnadal kunstforening minneutstillinga «Perler i åkeren» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga vil vere open fram til 7. november, og er ei minneutstilling med arbeid etter Randi Skrøvset Hatle (1941 – 2020). 

Surnadal kunstforening trur og håpar at minneutstillinga etter Skrøvset Hatle blir ei spennande og mangfaldig utstilling. Skrøvset Hatle var ein allsidig kunstnar. Ho nytta måling og tekstil i sine arbeid. Ho laga også kunstverk i andre materialar. 

Utstillinga «Perler i åkeren» inneheld rundt 80 måleri og tekstilarbeider. I tillegg blir det nokre andre arbeid som Skrøvset Hatle har laga. Av arbeida som er med på minneutstillinga, er eit alterbilete Skrøvset Hatle har laga, og som til dagleg heng i Sjoa kapell, men som dei har fått lånt til minneutstillinga. 

Skrøvset Hatle skreiv og dikt. I 2011 gav ho, i samarbeid med ektemannen Sverre Hatle og Surnadal Heimbygdlag, ut diktsamlinga ”Å vera her”. Den er no utselt. Familien, med Sverre Hatle i spissen, har difor fått laga ei ny fin diktbok, med nokre av dei finesta dikta etter Skrøvset Hatle. Denne boka vil bli presentert under opninga, og den vil bli å få kjøpt i løpet av utstillinga.

Utstillinga er open alle dagar i perioden 23.10 – 7.11.21 til følgjande tider:

  • Måndag – fredag klokka 16:00 – 19:00
  • Laurdag og søndag klokka 13:00 – 17:00

Plakaten frå Surnadal kunstforening kan du sjå her: «Invitasjon Perler i åkeren»

 

 

Publisert: 13. oktober 2021, 19:00