Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen IL – Ka no?

Astrid L. Kvendset Måndag 18. oktober 2021

Ja, ka no? 

Med dette meinar vi: Kva skal Todalen Idrettslag bruke ressursane sine på i framtida? Kva skal idrettslaget fokuserer på? 

 

For å finne ut dette ynskjer styret i Todalen Idrettslag å høyre kva medlemmane vil idrettslaget skal halde på med. 

Vi inviterer dirfor til eit medlemsmøte i Ungdomshuset den 20. oktober kl 19.00 – 21:00 (seinast). 

Her skal alle få komme med idear og forslag, ein treng ikkje å stille seg på talarstolen for å få ytre seg på møtet! 

 

Eksempel: 

Fokusere på organiserte aktvitetetar eller tilrettelegge for uorganiserte idrett? 

Forslag til korleis vi skal bruke bygga og anlegga våre? (Borholmen, Ungdomshuset, Tjønnmyran, Skihytta)  

Flytebrygge? Fleire skidårer i fjellet? Nytt aktivitetsanlegg? Grillplassar? Fleire turløyper? Klatrehall? Flytande badestamp i fjorden?

Fellestrening for heile bygda på onsdagar? Swingkurs? Linedance? Frisbiegolf turnering? Organisert sykkeltrim?  

Alle idear og forslag er velkomne! 

 

Det blir servering av kaffe, saft og bakels m. græt til alle som møter opp. 

Vi oppfordrar spesielt ungdommen og unge vaksne til å delta. 

 

Velkommen! 

Vi sjåast den 20 oktober kl 19.00 i Todalen Ungdomshus! 

 

Med vennlig hilsen 

Styret i Todalen IL 

 

Publisert: 18. oktober 2021, 12:45