Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senioruniversitetet gjesta Talgø på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen.  Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen.  Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.

Les heile saka


Fotpleie i september

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. august 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. sepetmber. Det er mange ledige timar båe dagane.

Les heile saka

Mykje regn og flaumstore elvar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt.  Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt. 

Les heile saka

Todalen sanitetsforening med plan for hausten

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. august 2021

Etter ein lang periode med pandemi og restriksjonar for arrangement, er det no opna for meir normal drift. Dermed var det klart for medlemsmøte i Todalen sanitetsforening tysdag 24. august, og leiar Maren Ansnes syntest det var kjøle triveleg og stor stas å kunne ønske vel møtt til samling i sanitetshuset att. «Kjekt å terffast!»

Les heile saka

Ras stenger gammelvegen i Svinvikrunden

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2021

Det har i kveld gått eit ras i øvre del av Svinvikrunden.  For den som er litt lokalkjent så har raset gått i området i området som kallast Langkleiva – mellom grinda og utsiktpunkteet mot Svinvika.  Svinvikrunden blir no stengt, til situasjonen er avklart og vegen er rydda.

Les heile saka

Fjellgruppa tok Svinvikrunden i gråvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

I dag skulle Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag eigentleg ha teke turen til Åsbøsnyta. Men vêrgudane var ikkje på Fjellgruppa si side i dag, så i staden for Åsbøsnyta vart det ein alternativ tur i Svinvikrunden med besøk på Hjellnes, for tur må det vere uansett vêr! Oppmøtet var naturleg nok litt lågare enn vanleg, og det er fullt forståeleg i det «haustvêret» som var i dag. 

Les heile saka

Jakt- og fiskelandet på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

I anledning med at Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) feirar 150-årsjubileum i år (1871 – 2021), har NJFF laga filmen «Jakt- og fiskelandet» som ei jubileumsgåve til seg sjølv, fylkeslaga og lokalforeiningane i NJFF. Filmen er ein episk film om det unike jakt- og fiskelandet Norge. Filmen kan du sjå på Surnadal kino torsdag 26.august klokka 19:00. 

Les heile saka

Normal drift ved Hett & Svett frå onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

Frå og med onsdag 26.august vil Hett og Svett vere tilbake, i tilnærma, normal drift. Det vil framleis vere restriksjonar om at det er maksimalt tre personar som kan vere tilstades og trene samtidig, og onsdagar mellom klokka 12:00 – 18:00 vil Hett & Svett vere stengt for reinhald. I tillegg må kvar enkelt som brukaar Hett & Svett ta ansvar for reingjering av utstyr, etter bruk og rydding, som vanleg. 

Les heile saka

Vårsøg 4H på besøk hos Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

I går kveld var rundt femten medlemmer frå Vårsøg 4H frå Surnadal på Todalsbesøk, for å besøke Start 4H. Dei to klubbane sine medlemmer vart oppdelt i sju lag, som konkurrerte i ei lokal utgåve av Mesternes Mester. 

Les heile saka

Kløvertur til Kårvatn, litt av kvart å sjå og oppleve!

Dordi Jorunn Halle Måndag 23. august 2021

Når ein legg turen til Kårvatn, er det på det næraste obligatorisk å vandre inn til vakre Nauståfossen. Men etter ei veke med store nedbørsmengder, og det er vått, dikete og sleipt i terrenget, vart det i dag alternativ turrute etter nye vegar i Dalalia.

Les heile saka

Klubbritt – det butta mot opp Falla

Jon Olav Ørsal Måndag 23. august 2021

Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik.  Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no.  Øyvind Berthelsen-Tangvik  var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.  

Les heile saka