Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På «togtur» i Sunndalsfjella.

Mari B. Redalen Sundag 26. september 2021

Når ein passerer Hydro aluminium på Sunndalsøra er ikkje det første du tenker, at det har vore ein jernbane oppi fjella ovanfor Litjdalen. Men det har det altså vore og i dag har vi gått på tuftane av denne.

Les heile saka


To rette og to vrange i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2021

Det var eit unormalt stort spenn i alderen mellom yngste og eldste deltakar på strikkekaffen i dag – yngste deltakar var Mattea Teilgård Hoem som hadde med seg gammeltante Anne Helene som konsulent og rådgjevar – til eldste deltakar som var Jenny Kvendset, som vanleg.  Tilsaman var det 16 deltakarar som var samla i Sanitetshuset, og vi passa på å ta turen innom akkurat da det var kaffeservering, med nystekte bakels og prima fyrstekake til kaffen.

Les heile saka

«Todalen»-skiltet er borte

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2021

Skiltet som informerer vegfarande om at dei er komne til Todalen er borte.  I nattens mulm og mørke er skiltet skrudd ned og fjerna frå røra som det var festa. Skiltet stod 20-30 meter utafor brua over Husbekken – før du kjem til Todalshaugen. 

Les heile saka

Ei lita påminning om ein vinter i anmarsj…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. september 2021

Nysnø så langt ned som til Bjøråskarvatnet er nok ei lita påminning om at ei ny årstid er like rundt hjørnet.  Bjøråskarsvatnet litt på 977 m.o.h. og det er jammen ikkje så mange vekene sia den siste snøen forsvar i det same området.  Over Dovrefjell var vegen stengt ein periode i dag på grunn av vanskelege kjøreforhold og fleire utførkøyringar som krevde bilberging.

Les heile saka

«Pårørendeskolen 2021»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. september 2021

Surnadal demensforening og helselag, og Rindal demensforening, inviterer til «Pårørendeskolen 2021». Dette er eit undervisningstilbod for dei som har eit familiemedlem eller ein ven som har demenssjukdom eller for dei som ønskjer å lære meir om sjukdomen.  

Les heile saka

Sunndal – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. september 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9-lag turen til Sunndalsøra og Lille Ekeberg for å spele seriekamp. Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje spela på lag, da det var skikkeleg dårleg vêr med regn, sterk vind, surt og kaldt. Men kamp vart det, og det vart ein kamp med heile atten mål. 

Les heile saka

Stavgangarane på tur til Bettennesset

Sverre Kjølstad Torsdag 23. september 2021

Værmeldingene var ikke de beste i dag, og de lengre vi kom mot Betna tiltok nedbøren i styrke. 21 deltakere møtte godt kledd for dårlig vær, og vi kom oss gjennom rundturen. Her var valget mellom lang og kort distanse, og de fleste tok den lengste turen.

Les heile saka

Kjempegodt lokalt resultat for Demensaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. september 2021

Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag vil rette ein STOR takk til alle givarar og bøssebærarar i samband med årets Demensaksjon. Det vart samla inn tilsaman 96.736,- kroner i årets Demensaksjon i Surnadal kommune. Dette er eit særs godt resultat, og eit resultat vi er kjempegodt nøgd med, seier leiar i Surnadal demensforening og helselag, Liv Botten

Les heile saka

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 25. september i tidsrommet 13:00 til 16:00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid!

Les heile saka

Belyste smertemysteriet for eit lydhørt publikum

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. september 2021

Den pensjoneerte legen og forfattaren Audun Aas gjesta onsdag Senioruniveritetets arrangement i Kammerset – eller om du heller vil kinosalen. Han kalla sitt foredrag «Smertemysteriet» og berørte i sitt timeslange foredrag mange intressange sider med tanke på smertehandtering. 

Les heile saka

Sesongavslutning for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. september 2021

Tysdag 28.september er det sesongens siste tur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sesongens siste tur går til Bollen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring Vindøldalsvegen. Hugs at bompengane (kroner 100,-) må betalast med kort. 

Les heile saka