Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt mikrokraftverk sett i drift på Terråk

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. februar 2022

I går var det klart til å «trykke på knappen» og starte kraftproduksjonen i Terråk Kraftverk.  Det er Nærøysundgruppen som har bygd kraftverket som utnyttar fallet i nederste del av Terråkelva.  Nærøysundgruppen er ein stor kunde og samarbeidspartner hos Talgøselskapet Bindalsbygg, som har levert mykje til det nye kraftverket, mellom anna royalkledning til den nye kraftstasjonen.

Inntaksdammen til Terråk kraftverk. Foto Jon Olav Ørsal

Det nye kraftverket vil få ein årleg produksjon på rundt 6,5 GWh (6,5 mill. kilowattimer) og vil kunne forsyne rundt 350 husstander med straum.  Anlegget ligg like utafor Terråk sentrum, og utnyttar eit fall på rundt 29 meter i Terråkfossen.  Rørgata har ein diameter på 190 cm, og verket utnyttar fallet ved å bruke mykje vatn for å få effekt, i staden for stort fall.  Straumen skal leverast inn på nettet til Bindal Kraftlag som er oppgradert dei siste åra for å ta i mot auka kraftmengde til ein aukande marknad.  

Stein Okstad i Nærøysundgruppen fortel at selskapet har investert knappe 40 millioner i det nye kraftverket, der Nærøysundgruppen eig 80% og Okstad Invest 20%.  

Stein Okstad, Nærøysundgruppen og Terje Talgø framfor stasjonsbygninga til Terråk Kraftverk. Foto Jon Olav Ørsal

Ny laksetropp er ein del av anlegget – den skal sørge for at laksen kjem seg opp Terråkfossen og vidare oppover Terråkelva. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. februar 2022, 10:20