Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

STABILT MANNSKAP OG GOD ØKONOMI I SURNADAL HEIMBYGDLAG

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. februar 2022

Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøte 21.februar, med god stemning og med kaffe, fastelavnsbollar og frukt på kongens fødselsdag.

Vanlege årsmøtesaker vart gjennomført. Medlemstalet held seg på rundt 50, styret er stabilt med Trygve Roaldset som leiar og Svein Sæter som nestleiar. Økonomien er god. Sjølv om aktiviteten i laget har vore hemma av koronaen, har boksalet siste året vore godt.  Revyhistorieboka «Heittgjort» som Heimbygdlaget gav ut sist haust, har vore med og styrkt økonomien.

Og i mars er det 110 år sidan mållaget i Surnadal vart stifta. Surnadal Heimbygdlag har vore og er ein viktig del av Frivillig-Noreg i kommunen – og fødselsdagsønsket for laget er nye medlemmar!

 Takk til skrivar Eivind Hasle for årsmøtereferat.

 

Publisert: 22. februar 2022, 22:01