Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen med å arrangere Gunnøydilten som langfredagsaktivitet. Sjølv om aktiviteten blir kalla Gunnøydilten så vil hovudaktiviteten med sal av kaffe og anna forfriskningar skje ved Gapahuken ved Båthølen, fortel Anita Talgø i Trimgruppa. Start mellom klokka 12 og 1
Les heile saka
No når påskehelga står for døra, har Matkroken Todalen rusta seg til lokal påskehandel på alle vis. Slik som tidlegare år er det ope for handel påskeaften, da butikken er open 9:30 – 16:00. Itillegg er det ut over vanleg opningstid kioskope skjærtorsdag og 2. påskedag i tidsrommet 16:00 – 18:00.
Les heile saka
«På tur i Todalen»-appen har i dag to innsjekkingspunkt som er aktive berre i dag, nemleg Gunnøydilten og Kjerringdilten. Desse innsjekkingane gjeld berre i dag, og det er mogleg å registrere seg berre ein gong.
Les heile saka
Nordvik grendalag inviterer torsdag 14. april, i tradisonen tru, til Seterrenn på Nordviksetra. Ola J. Nordvik køyrer traktor med hengar frå Øygarden klokka 11:00. Dersom det er behov, køyrer han fleire turar.
Les heile saka
Fredrik har nytta skuleferien i påska til å være med bestefar på sjøfiske. Da vart det både garnsetting og fiske med snøre, og eit tjuetal småsei var resultatet og dagens fangst. Egentleg var det nok torsk dei var ute etter, med småsei og lever er heller ikkje å forakte. Men det er da slett ikkje alltid at ein får den fangsten ein vil ha, men som aller oftast blir det da eit eller anna. Torsken er nok snart på sekkassen, for den er nok av best kvalitet i måneder med bokstaven R i, og det er det i april!
I dag tidleg var det flott besøk på Kvennset – 4 rådyr beita fredeleg på nygrøå på ekra innafor Talgø-fabrikken. Om vi stoppa for å ta eit bilete, så tok dei det heilt med ro. Men det var ikkje berre rådyr som var ute på morgonbeite i 7.30-tida. Nokre gjess gassa seg med nygrøå litt lenger nedpå ekra, og satte tydeleg pris på det nye innslaget i kosthaldet.
Les heile saka
Kom og bli med på påskeegg jakt på Matkroken Todalen!
Les heile saka
I fjor fekk Todalen sanitetsforening tildelt 300.000 kroner frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Inn på tunet». På fredag kom nok ei «gladmelding», nemleg at Stiftelsen Dam løyver ytterlegare 300.000 kroner, til vidareføring av prosjektet. «Inn på tunet» er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med dement kognitiv svikt, som blir drive av Helga Bele, i Bæverfjord og Solveig Haglund, i Surnadal
Les heile saka
Todalshytta minner om balldagen idag, og startar serveringa frå kl 15:00 og utover. Fritt val mellom potetball og sildball med tilbehør. Bestill gjerne på telefon/SMS til 975 16 103
Styret i Todalen Elveeigarlag minner med dette om sitt årsmøte i Todalen Ungdomshus tirsdag 12. april kl. 19.30. Alle medlemmer er velkomne til årsmøtet.
Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Langfredag, no på fredag 15. april, inviterer «Skihyttegjengen» til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på Skihytta. Som vanleg har «Kjerringdilten» start ca. klokka 13:00 og her blir det berre konkurrert på idealtid. Vandrepokal til vinnaren, og elles mange «fine premiar» til dei som deltek.
Les heile saka
Etter to års koronapause inviterer Åsskard kyrkje igjen til Påskesongmesse langfredag kveld klokka 19.30. Prest Cathrine Grutle, koret «Prosjekt 17», organist Bernt Bøe, lesarar og instrumentalistar tek forsamlinga med på ei tekstleg-musikalsk temavandring frå palmesøndag til påskemorgon
Les heile saka