Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Måndag 31. oktober mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.
Les heile saka
Iver Magne Nes som er butikksjek for Eiksenteret i Surnadal sit på ein raider som står saman med to raidere til og eit par-tre snøfresarar. Alle sammen skal leverast til kundar no, og det er litt spesielt at 3 slike traktorklipparar skal leverast denne årstida. Men Iver Magne fortel at det har vore store problem med leveranser i heile sommar, og problema botnar ut i at det har vore mangel på deler i produksjon. Det er ei kjent sak at både bilindustrien og produsentar av mange typar maskinelle produkt har hatt problem med levering ev elektriske komponentar – sakalla halvledarar.
Les heile saka
Kløverturen på FN-dagen, altså 24. oktober, gjekk frå Sjøledet og utover til Haltbakkan. Sola var lenge gøymt bak eit skoddehav, men etter kvart «brann skodda opp» og kløverturgjengen fekk nyte sola.
Les heile saka
25 ivrige barn og unge hadde frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag, LAN-party oppi ungdomshuset. Svorka hadde sett opp styrken på hastigheita til fibernettet til maks styrke. Mange takk til Svorka!
Les heile saka
I dag tidleg vart vegen i Hauann litt for smal, da to semitraller møttes på Nordvik. Den eine med fullt lass med element frå Talgø Bygg og den andre på tur innover i same ærend. Dermed bar det i grøfta med den eine bilen, men begge bilane hadde liten fart og verken bilar eller mannskap kom til skade.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer torsdag 27. oktober klokka 18:00 til 19:00, til balleik i gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter. Tilbodet er spesielt retta mot barn og unge i alderen 6 – 16 år.
Les heile saka
«Lorten og fruen» ønsker velkommen til balldag på Todalshytta tirsdag 25. oktober. Kjell Arve som har spisskompetanse som ballkokk byr som vanlig på sildball eller potetball i fritt valg, og holder ballgryta varm i tidsrommet 15:00 til 18:30 denne dagen.
Les heile saka
Fredag 28. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til Halloweenutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til Halloween.
Les heile saka
Det går no sauer på beite ved deler av traseen til Toåa tursti. Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle som går tur i Toåa tursti, om å ta hensyn til dette, slik at sauene ikkje blir skremt. Spesielt gjeld dette for dei av oss som går tur med hund.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. oktober. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Vi minner om innsamlingsaksjen som går på TV i heile dag – inntekta frå TV-aksjonen går i år til «Leger uten grenser», og det er forventa at aksjonen skal gi bra inntekt til organisasjonen. Behovet for midlar har kanskje aldri vore så stort, og situasjonen med energikrise, krig i Europa og ei gryende klimakrise minner oss kvar dag på om situasjonen. I Surnadal er innsamlingsaksjonen digital – det vil seia at det er ikkje gang i å vente på at bøssebærarar skal kome på besøk – dei kjem ikkje rundt i heimane i år. Du må i år bruke Vipps eller bankgiro for å gje ditt bidrag til aksjonen.
Les heile saka
Laurdag 22. oktober inviterte Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Her var det godt oppmøte sjølv om det var sol og fint ver.
Les heile saka