Komande tysdag, 19. september, inviterer Todalshytta til balldag. – Da er det nemleg klart for haustens første balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 18. – Todalshytta tek gjerne imot bestilling på telefon 929 97 550, melder Arve Evensen.
Les heile saka
Dersom du jhar lagt merke til grønkledde menn i Toåa dei siste dagane, så er det Sweko som har drevet med ungfiskundersøking, gytefiskteljing, samt oppmåling av den anadrome strekninga i Toåa.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Roparen. – Det var ingen lang tur, men i fint haustver og fin utsikt over nedre Surnadal var dei 24 stvgangarane nøyde med turen, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
Les heile saka
På ein pressekonferanse no i kveld, kunngjorde Surnadal Senterparti og Surnadal Arbeiderparti at dei er samde om ein intensjonsavtale, som gjer at Hugo Pedersen frå Senterpartiet blir ordførar og Annett Ranes frå Arbeiderpartiet blir varaordførar den komande kommunestyreperioden (2023 – 27).
Les heile saka
Sist helg, på tur ned frå Kjerringa og til Todalen Idrettslag si skihytte på Sørfjellet, har Kristoffer mista ein mørkeblå ARC´TERYX hettejakke. Så om nokon dei siste dagane, eller dei komande dagane finn ein slik jakke, så er dette Kristoffer sin.
Les heile saka
Torsdag er nærast alt som finns av folk som høyrer til snekkar- og byggfaget samla til Byggmakkermesse på Gammelfabrikken. Eller rettare sagt er det Byggmakker som samlar alle proffkundane sine til ein oppdateringsdag med mykje nye byggevarer og byggemetodar, der leverandørane stiller opp for å bidra med kompetanseheving og fagdag på ein effektiv måte.
Les heile saka
Kulturavdelinga informerer om at Surnadal kommune gir prosjektstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanleg driftskostnadar, som idrettslaga og andre lag får støtte til gjennom «kulturmidlane», men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Dei minner også om fristen for å foreslå kandidatar til fylkeskulturprisen.
Les heile saka
Frå og med laurdag 16. september utvidar Surnadal bibliotek på kulturhuset opningstidene sine. Opningstidene for «meirope bibliotek» blir dei same som i dag, heiter det i ei pressemelding frå kulturavdelinga i kommunen.
Les heile saka
Det er jammen ikkje berre i kommunevalet det er jamt i toppen! Det var lenge heilt likt, men då røystinga var ferdig var det klart at Bjørn Kvendset er fotografen bak månedens bilete i august.
Les heile saka
Kyrkjevalet som gjekk samtidig som kommune- og fylkestingvalet er no klart til å presenterast. Det var sju kandidatar til nytt sokneråd for Todalen sokn, og dei fire kandidatane som fekk flest stemmer blir det nye soknerådet for 2023 og i 4 år framover.
Les heile saka
Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag. Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje.
Les heile saka