Frå Eirik Husby har vi fått ei litt spesiell julehelsing. Bandet han spelar i “Snow On A Mountain” held på og spelar inn ny plate, og han har laga ein demo som han ønskjer å dele ut som ei julehelsing til todalingane. Han har sørga for at det er kome eit antal slike demoar til ICA Todalen, og da er det berre å være raskt ute så får du deg ein. Her gjeld det å være raskt ute, for her gjeld regelen om “Først til mølla…”. Nedafor kan du lese e-posten vi har fått frå Eirik:
Nå oppdatert med nedlastbar demo fra Snow On A Mountain, som ein julegave til alle todalingar.
Les heile saka
Etter det siste snøfallet er det fint føre for å starte skisesongen for den som vil ha litt førjulstrim. Arnt Ivar Brøndbo er ein av mannskapet som i vinter skal sørge for å halde idrettslagets trimløyper opne og i god stand. Han fortel at det er fine forhold i lysløypa no, og at det elles er køyrt opp løype frå butikken og opp til Lauvåsveien. I løpet av helga vil det også bli køyrt opp løyper på Tjønnmyra, og frå Innerdalsmerket til Tristeinan. Så da er det berre å finne fram skiutstyret og «Blåswixen» så er du igang!
Les heile saka
Kristine Saksen Ulvund har sendt oss fleire bileter av måneformørkelsen som var i går morgon. Ho hadde rigga seg til i 7.30 tida for å forevige hendelsen, men som ho skriv til todalen.no så såg det dystert ut ei stund grunna skylaget. Men med litt tolmod og venting, så letna det og ho fekk teke […]
Les heile saka
Todalen.no har mottatt melding om at Strengentrekk AL har åpnet skiheisene for alle skiinteresserte. Det meldes samtidig om svært gode forhold!
Les heile saka
Nok ein gong imponerte ungane ved Todalen Oppvekstsenter då dei i kveld inviterte til juleavslutning på skulen. Ungane ved skulen starta med allsong, før dei klassevis etterpå framførte sine innøvde nummer.
Les heile saka
Ny fin isbane er laga ved klubbhuset på Bordholmen. Den er ikkje så stor, men den er stor nok både til å lære seg å gå på skeiser og kanskje det kan bli både ishockey og lengdeløp (kortbane i så fall). Knut Bergli, Ivar Helge Kvendset og Dan Roger Pedersen har laga isbane på asfalten aust for klubbhuset, og med dei låge temperaturane vi har hatt den siste tida har det blitt ei skikkeleg isflate. Det meldes kaldvær også i fortsettinga, så det er berre å sette nye skeiser på ønskelista til jul, for her blir det liv. Hugs å bruke hjelm, i tilfelle det blir knall og fall i starten!
Billettane til julekabareten «Fær hell i mot» går unna. Søndag kveld var det selt over hundre billettar til kveldsframsyninga, medan salget til dagframsyninga var noko mindre. Underhaldningssjef Svein Åge Saksen er godt nøgd med salget og reknar med at det etter kvart blir to fullsette framsyninger. Han fortel at dei no er i god gjenge med øvingane og at det meste vil kome på plass i løpet av veka.
Les heile saka
Dei siste åra har Surnadal Sparebanke invitert til juletreff for både «innfødde» og utflytta sambygdingar. Det skjer i år også – denne gongen er arrangementet lagt til Vårsøg hotell. Banken ønskjer med Juletreffet å bidra til marknadsføring av kommunen vår både heime og ute, ikkje minst er det viktig at dei som bur andre stader i landet er gode ambassadørar for kommunen. Dei håpar difor at du setter av eit par timar onsdag 29. desember (5. juledag kl 15.00), og tek turen innom ”nye” Vårsøg Hotell og blir med på Juletreffet.
Les heile saka
Torsdag 16. desember startar billettsalget til julekabareten 3. juledag. Billettsalget går føre seg på ICA Todalen, og det selges billettar til 2 framsynininger; den første kl 15.00 og hovudframsyninga kl 20.00. Framsyninga kl 15.00 inkluderer enkel servering i billettprisen som er kr 150,- for vaksne, og kr 50 for born. Hovudframsyninga kl 20 har billettpris 200,- som er inkludert inngong og dans. Det vil bli salg av smårettar, øl og vin.
Les heile saka
Vi har fått ein stemningsrapport fra Dordi Jorunn Halle ved Todalen oppvekstsenter. Der har det vore travle tider med førebuing til juleavslutninga måndag kveld. Men no er alt klart fortel ho i ein e-post til Todalen.no:
«Men vi har både travle og trivelege dagar på oppvekstsenteret før jul: Vi har hatt kunstdag, juleverkstad, adventsamlingar og nissemarsj for SFO og barnehagen. Feiar Jon Nordvik besøkte oss onsdag, han snakka om brannvern som er eit høgaktuelt tema ved juletider. Vi ønskjer alle ei fin førsjulstid!»
Les heile saka
Programmet for vinterens sonerenn er klart, melder skigruppa. Det blir 5 sonerenn på «indre», der du finn datoar og arrangør i eit oppsett nedafor:
Onsdag 19. januar (kveldsrenn) ØSIL – fristil
Søndag 30. januar Todalen IL – Klassisk stil
Søndag 6. februar ( i lag med kretsrenn ) Betna IL – Klassisk stil
Onsdag 23. februar (kveldsrenn) IL Søya – Fristil
Lørdag 12. Mars ( I lag med kretsrenn) Surnadal IL
Billettane til julekabareten går unna. På flygebladet står det utsolgt på siste framsyninga, men ICA Todalen melder at det på grunn av avbestillingar er nokre få billettar att. Til første framsyninga er det enno rikeleg med billettar att. Først til mølla…! Plakaten finn du her!