Førstkommande torsdag kjem Teatret Vårt til Surnadal med oppsetjinga «Brevduene». Frå Surnadal kulturhus har vi fått ein liten smakebit på kva som er i vente. I tillegg gir dei oss 4 billettar på forestillinga til våre lesarar som vi deler ut til den som svarar riktig på eit (muligens) enkelt spørsmål.
Les heile saka
Nyttårsaften – 31. desember kl. 16:00 – er det gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Bernt Venås. Dette blir ei litt spesiell gudsteneste, da vi tek avskjed med sokneprest Bernt Venås som etter så mange års teneste sluttar no til nyttår. Det blir offer til Todalen Sanitetsforening.
Les heile saka
6. juledag arrangerte Todalen Idrettslag juletrefest for dei aller minste. Det er ikke tilfeldig av disse juletrefestene er kalla for «springarfester», for det var ein livåt gjeng som møøte til gang rundt juletreet, og ekte nisse som kom på besøk og hadde med seg gåver til alle. – Og jammen trur eg både store og små kosa seg – og tykte det «stod til», dei par timane som juletrefesta varte
Les heile saka
Sissel Halset Storslett har nyttårsaften salgsutstilling av maleri i Skulstuå frå kl 12.00 til 16.00. Det vert og sal av kaffe og gode kaker. Alle er velkomne!
Les heile saka
Prosjektet Stikk UT! har vorte så godt motteke, at Friluftsrådet Møre og Romsdal no lanserer Stikk UT Ski! i 8 kommunar. Denne nye aktiviteten med registreing av turar for dei med ski på føtene er gjeldande i perioden 1. januar til 17. april, dersom vër og føreforhold er tilstades naturleg vis. Surnadal kommune er sjølvsagt med, og har fått tildelt 3 turmål. Klåberget på Kvanne og Løålikjølen og Garthøgda på Nordmarka.
Les heile saka
Surnadal kulturhus inviterer til sin tradisjonelle nyttårskonsert med TrondheimSolistene fredag 6. januar. Denne gongen har dei med seg Alexander Rybak, og sammen vil dei skape nyttårsstemning ein seint vil gløyme, skriv kulturhuset på si heimeside. Det vil også bli deltaking av elevar frå kulturskulen.
Les heile saka
Todalen IL inviterer til juletrefest i Todalen Ungdomshus fredag 30. desember mellom klokka 14 og 16. Her blir det servering av saft, kaker og kaffe.
Les heile saka
Todalen ungdomshus var fylt til siste plass da Todalen Idrettslag inviterte til årets julerevy 3. juledags kveld. Og publikum tok godt i mot julerevyen som hadde fått namnet «tRAUSt» – som var lett inspirert av sommaraktivitetane på Todalshytta som ein raud tråd. Med godt over hundre på kveldsforestillinga i tillegg til ettermiddagsforestillinga vart det nærarer 200 som såg revyen – det er vi veldig godt nøgde med, seier fotballformann Knut Bergly som var festsjef.
Les heile saka
Tredje juledag var det triveleg todalstreff på sjukeheimen i Surnadal, eit heilt nytt arrangement. Initiativtakar og primus motor var Terje Nordvik. Han fekk ideen eit par veker før jul da Sanitetsforeninga tinga blomster som skulle vere julehelsing til todalingar som er 80 år eller eldre.
Les heile saka
Dagens romjulsmarsj gav inga rekorddeltaking, men ca 120 personar tok turen rundt bygda i det tradisjonelle arrangementet i regi av Todalen Idrettslag. Vêret var litt ruskete, med både snø og haggel i mellom vindkulene. Men alle vi møtte på vår veg var positive og blide og tykte det var godt å få litt friskluft og mosjon mellom bordsettingane.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Fjord1 melder om normal drift i sambandet kl 8.36 tysdag morgon.
Les heile saka
Andre juledag var det mer enn alminneleg hektisk i Todalen ungdomshus. Heile revygjengen var på plass, og spenninga var til å ta og føle på når deltakarane skulle opp på scena for å kjøre gjennom programmet – gong etter gong, heilt til tekstane var «banka inn» og satt som dei skulle. Men eg trur faktisk at dei hadde full kontroll og resultatet av all skriving, og øving, får vi sjå 3. juledag – første forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20. – Det er enno billettar att, og har du ikkje sikra deg billett, så er det å ta kuten til Matkroken, som har ope frå 16.00 – 18.00 i dag!
Les heile saka