Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Villblomsterdag på Mogstad

Elinor Bolme Laurdag 17. juni 2017

Villblomsterdagen er eit landsdekkande arrangement i regi av Norsk botanisk foreining, og det går blomsterturar over heile landet i morgon søndag 18.juni. I år blir det igjen villblomsterdag på Mogstad. Turen går til Austistua Mogstad, og vi ser på dei vanlege blomstrane, andre planter og lauvtre i kulturmarkene kring tun og bakkar. Kanskje ser vi også litt på humler, bier og andre skapningar som lever saman med blomstrane. Til slutt tek vi ein felles matrast ute i engene. Dette er ein kort og lett tur som passar godt for både unge og gamle, også om ein ikkje klarar å gå så langt. Vi blir ute heile tida, så kle deg etter veret, og ta på tursko eller støvlar. Ta gjerne med matpakke og noko å sitje på, då vi avsluttar med ein rast i blomsterenga.  

Turleiar er Dordi Kjersti Mogstad. Tidspunkt: Søndag 18.juni kl. 13.00 -ca 15.00 Oppmøte: Ved Korsen bru, Honnstad.For spørsmål, ta kontakt på tlf. 93043010

Villblomsterdagen på Mogstad er også eit samarbeid med Norsk vandrefestival 2017, ta ein titt på programmet her: http://www.norskvandrefestival.no/program-2017-tur-med-arend.5978985-289973.html

Publisert: 17. juni 2017, 15:49