Torsdag starta Rolf Petter Halle gravinga for å forsyne Husbygrenda med fiberbasert breiband. Det er no eit par år sia Svorka Aksess la opp matingskabel for fiberbreiband fram til transformatormasta ved Husby. No er dei altså i gang med å installere til fiberbasert breiband til alle som har bestilt, både i Husbygrenda og i Bekkerhagan bustadfelt.
Les heile saka
Firmaet Tradisjonsbygg frå Sunndalsøra som har jobba med restaurering av murane på kyrkja er snart ferdige med arbeidet. Det er murane under koret og sakristiet som er renovert i denne omgangen. Denne delen av kyrkja er jekka opp, før dei gamle murane er fjerna og nytt fundament og nye murar er no snart på plass, fortel […]
Les heile saka
Eit tjeldpar har bygd sitt reir og lagt to egg på ei grav på kyrkjegarden for nokre veker sia. Den ligg tett attmed eine porten, og det har nok vore mykje ufred i rugeperioden. Likevel er det i dag kome to nye og velskapte tjeld-ungar. Foreldra har passa godt på i dag, og vart litt «rabiat» når vi nærma oss.
Les heile saka
Stavganggruppa avslutta torsdag vårsengen med ein finvêrstur til Nauståfossen. Rundt 35 deltakarar mønstra på Kårvatn for å ta del i turen på eit par kilometer innover til Nauståfossen som såg flott og mektig ut i dag.
Les heile saka
Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen.
Les heile saka
Surnadal Sanitetsforening og Surnadal Røde Kors samarbeider om å få auka synlegheit på frivillig beredskap. Dei inviterer derfor til ein fagdag der dei sammen kan belyse hvor den frivillige innsatsen kan brukast best mulig.
Les heile saka
Surnadal Jeger- og fiskerforening inviterer til en trivelig familiekveld ved Glønavatnet på Nordmarka torsdag kveld. Dette er med på å markere starten på Norsk laksefestival, og her kan de yngste av fiskerne prøve lykken.
Les heile saka
Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!
Les heile saka
I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.
Les heile saka
I går var det avslutning på Todalen oppvekstsenter for skule- og barnehageåret 2016-17. Nokon sluttar heilt, medan andre skal byrje heilt på ny igjen. Heile 5 ungar avsluttar no eit kapittel på den trygge og gode barnehagen og tek til hausten steget heilt opp til 1.klasse.
Les heile saka
I dag var feiarane på besøk på butikken – dei dreiv infokampanje for brannsikkerheit og delte ut infobrosjyrer, der du kunne fylle ut ei sjekkliste for å finne ut kor brannsikkert det er heime hos deg. Jon Nordvik, som er ein av feiarane er, sier til Todalen.no at det er lurt å sjekke brannsikkerheita i heimen med jamne mellomrom. Da kan du kanskje unngå at det blir brann heime hos deg.
Les heile saka