Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaldvêret fortsett heile 10-dagersperioden

Jon Olav Ørsal Fredag 29. desember 2017

Etter vêrmeldinga på yr.no så vil kaldveret fortsette både komande, og neste veke.  Yr.no melder om temperaturar frå eit par grader og oppover til 5-6 kuldegrader, men erfaringsvis vil nattetemperaturen bli eit par grader kaldare.  mesteparten av perioden meldes det om sør-austleg vindretning og ingen nedbør bortsett fra nokre snøbyger komande tysdag.

Frå Bruset-brua og oppover mot Ytter Teinhølen. Foto. Jon Olav Ørsal

I løpet av 10-dagersperioden kan det sjølsagt bli nokre endringar både når det gjeld vind, vindretning og nedbør. På nyttårsaftan blir det nord-austleg vindretning med vind på 6-9 m/sek, og vi oppfordrar til stor forsiktighet med bruk av fyrverkeri.

Raudåhølen – det kalde vatnet kjøves lett no. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 29. desember 2017, 16:59