Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen samla 120 deltakarar

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. desember 2017

Litt hålkeføre la ikkje nokon stor dempar på Romjulsmarsjen på 3. juledag.  Rundt 120 deltakarar deltok i den 6 km lange turen rundt bygda, for å få litt frisk luft og litt mosjon etter alle godsaker og julemat dei første juledagane. 

Familien Pedersen har starta rundturen – frå venstre Ken Marius, Ingrid, Karina med Kaja Marie og Dan Roger med Sira. Foto. Jon Olav Ørsal

I Todalen er det ein lang tradisjon for romjulsmarsj på 3. juledag, og enkelte år har det vore langt borti to hundre deltakarar på det populære arrangementet. I år la nok hålkeføret ein liten dempar på deltakartalet, men rundt 120 deltakarar fullførte runden rundt bygda.Det er trimgruppa i Todalen I.L. som er arrangør, og som stiller opp med gløgg og flotte deltakarmedaljer til alle som tek den 6 km lange turen rundt bygda. Prosjektet blir finansiert med litt loddsal, og i år vart det tippekonkurranse der ein skulle tippe kor mange bitar det var i ei krukke. Her fekk Einar Talgø beste resultat da han tippa 438 og rett svar var 440.

Mange brukar lang tid på runden rundt bygda – det er triveleg å stoppe og slå av ein prat med folk du treffer. Deltakarane på romjulsmarsjen er nok mest bygdefolk, men mange er og tilreisande som er i Todalen på juleferie.

Steinar Frøystad som er leiar i Todalen I.L. var imponert over deltakinga på Romjulsmarsjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Steinar Frøystad som er leiar i Todalen I.L. tykkjer det er storarta at så mange deltek på romjulsmarsjen. Flott at folk kjem seg ut og får utnytta slike fine dagar. Det er litt glatt i dag, men eg har inntrykk av at folk tek det med ro og er forsiktige, seier Frøystad som tykkjer at dette er ein fin tradisjon som både bygdefolket og tilreisande sett stor pris på. – Dette er aktivtet som passar for alle, det er berre å kle seg godt og kome seg ut.

Nedafor har vi laga eit stort bildegalleri frå romjulsmarsjen – sjekk om du finn kjentfolk på bilda?  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 27. desember 2017, 18:15 - Sist oppdatert: 28. desember 2017, 01:44