Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til aktivitetshelg på Vaulen, Nordmarka neste fredag og lørdag (18.-19.8).
Arrangementet er planlagt som ein overnattingstur, men det er selvfølgelig mulig å delta kun på laurdagen om ei ønsker det.
Les heile saka
Førstkommande laurdag kl 14 møtes Todalen og Søya til fotballdyst på Bordholmen. Her blir det nok eit klassisk oppgjør der ingen av laga har tekt seg til hverken uavgjort eller tap. Begge laga har no i følge sikre kilder samla i hop sine fotballspelarar og speler for bygdas ære.
Les heile saka
For eit par veker sia kom det varsel om tømming av septiktanken, med link til heimesida og kart over området. Denne veka har det pågått tømming av septiktankane rundt omkring i bygda. Norva24 Vest heiter firmaet som driv septiktømming, og har base i Stryn. No er det 2 år sia sist dei var her i same ærend.
Les heile saka
Puben på Pakkhuset kro er open fredag kveld 11. august , frå kl 21 og utover, med alle rettigheter. Alle er velkomne!
Les heile saka
Det er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».
Les heile saka
Lørdag 2. september arrangerer Surnadal Sparebank folkefest på Skei i forbindelse med sitt 175 års jubileum. I den forbindelse ønsker vi at så mange av «våre» lag og foreninger deltar i sponsorteltet med stand, og viser fram sin aktivitet for publikum.
Les heile saka
Har du eller nokon du kjenner forlagt sandalane dine i sommar? Det lurer dei ansatte i Todalen Barnehage på. Dei har nemleg funne eit fint sandalpar inne på barnehagens område etter ferien.
Les heile saka
Allereie første dag etter ferien starta oppfyllinga av tomtearealet ved Talgø MøreTre på Syltøran. Her skal det fylles opp med steinmasse på eit areal på rundt 15 mål, der det skal bli tomt for eit nytt plukklager for materialar på MøreTre. – Dette er ein del av den nye storsatsinga, der Talgø MøreTre skal satse 120 mill. over ein 3-årsperiode.
Les heile saka
For juli kan vi gratulere Signe Larsen som vinnar av måndenas bilete med «Måse over Todalen». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 87 av dei 216 stemmane i månadens avstemning.
Les heile saka
Det har etter kvart vorte tradisjon med ei kulturell vandring uti Årnesliene i regi av Stangvik historielags turstigruppe på Årnes. I år blir denne turen laurdag den 12. august, med oppmøte ved Grendahuset på Årnes kl. 11.00 (parkering ved Jørristufjøset).
Les heile saka
29. august arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening sommertur til Hemne sammen med Nordmøre brigadeveteranforening.
Les heile saka
Dagens happening var visning av nytt «Støvbrett» ved Matkroken i Todalen. For å gjera ei lang historie kort så må vi meste fortelje at «Støvbrett» er det same som pickup, og det har sin bakgrunn i at det var tradisjon med å sette utnamn på bilane i gamle dagar. Den første pickupen (les støvbrettet) som Halsbua hadde, var ein ombygd A-Ford som fikk lasteplan – og dermed såg ut som eit støvbrettet. I dag kom altså nr 16 i rekkja, og blar du heilt bakerst finn du rekkefølgen for alle saman…
Les heile saka