Alle bebuarar, familie og vener er hjarteleg velkomne til sommarfest ved Surnadal sjukeheim 23.august 2017 kl 17.30. Jostu med vener frå Todalen, vil spela og synga gode gamle slagerar.
Les heile saka
Alle bebuarar, familie og vener er hjarteleg velkomne til sommarfest ved Surnadal sjukeheim 23.august 2017 kl 17.30. Jostu med vener frå Todalen, vil spela og synga gode gamle slagerar.
Les heile sakaNo har soknerådet haustprogrammet for Todalen kyrkje klart. Dei har sett opp plan fram til nyttår, og det er planlagt 8 gudstenester i denne perioden. I tillegg er det planlagt konfirmasjonsfest, der 50-årskonfirmantane er bedne. Det skjer 14. oktober i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaÅrets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt i kveld 15. august kl 24.00. Årets sesong er ikkje noko å skryte av, men er heller ikkje av dei dårlegaste, seier Ola Bruset som er leiar i Todalen Elveeigarlag. Nå er det tid for å levere inn fangstrapportane, slik at vi får skikkeleg oversikt over årets sesong
Les heile sakaHLF Surnadal arrangerer tur over Aursjøen og videre om Eikesdal torsdag 24.august. Det blir kaffestopp underveis og middag i Eikesdal. HLF organiserer transport med private biler.
Les heile sakaTurstigruppa på Årnes, med Svein Aarnes i spissen, har no gjennom fleire år lagt ned eit utruleg stort arbeide med å rydde og merke stier i Årnesliene, heile rutenettet er på 2-3 mil! I tillegg er det oppsett fleire hundre namneskilt i området, og det er utplassert heile 28 postkasser med turbøker. I tillegg kan ein nå turmåla til Bæverfjord i Baklia og ved Svartvatnet. Gruppa har og lagt ut trimbøker ved Sivertvarden og Engerlivarden på Torviksida. Stangvik Historielag v/Bjarne Røen har laga mange av skilta, i tillegg har Odd Ragnar Bekken laga mange. Arbeidet med utplassering av skilt er kome langt, men ennå er det ein del som ikkje er utsett. Sjølv om det meste av dette er «gratis-arbeid», vil det alltids vera noko som må betalast med penger og. Gruppa er svært glad for, og vil takke Gjensidige forsikring Surnadal for støtten dei har fått frå dei, og Surnadal Sparebank som har støtta med ein «kvile-benk».
Les heile sakaI helga vart det funne ein solid vinterjakke på vegkanten ved Ørsal-stabburet. Det var ein skikkeleg stor og solid jakke – einsfaga blå og i størrelse 4 XL. Det er altså snakk om vaksenmanns klær, som er funne, seier Johan K. Ørsal, som er finnaren.
Les heile sakaTorsdag 17. august er Surnadal pensjonistlags stavganggruppe i gang med høstsesongen. Oppmøte til vanleg tid ved Iggeltjønna i Rindalen. Så vandrar vi rundt tjønna og spiser maten vår ved badeplassen, skriv leiar Kristian Ranes i sin introduksjon av arrangementet, og legg til at vi gleder oss og ønsker kvar og ein vel møtt!
Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga. Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg.
Les heile sakaDet settes stadig større krav til standard og komfort på alle frontar. Bordholmen er slett ikkje noko unntak, og det har Knut & Co i fotballgruppa tenkt å gjera noko med. Berre bla vidare og sjå korleis dei har løyst dette problemet under det store lokaloppgjøret mellom Todalen og Søya.
Les heile sakaEin grønn puma-jakke vart funnet ved Legdvatnet 10.august. Om det er nokon som saknar den er det berre å ta turen til Andersstua så får du den att.
Førstkommande tirsdag er det oppstart med medlemsmøter etter sommarferien. Sanitetsforeninga ønsker nye og gamle medlemmer hjerteleg velkomne til ein ny spennande haust ilag.
Les heile sakaSommaren er kort og hektisk når ein tenkjer på beiteseongen i fjellet, og på tampen av sesongen er det alltid spennande å dra på tilsyn. På gårdagens trimtur trefte vi Per Åke Jakobsson på tur ned frå tilsynstur i området ved Sula. Per Åke har over 300 sauer i området, som han jevnlig fører tilsyn med. Torsdag var også sonen Nils Erik og hundane Gaisa og Sita med på turen.
Les heile saka