Dette blir friskt! – TrondheimSolistene har fått med seg ein jodlar frå Romsdalen og trekkspelets svar på Matti Nykänen til nyttårskonserten i Surnadal kulturhus 12. januar.
Halve salen er allereie selt (pr. 20.12), og vi har enno ikkje kome til dei aller siste hektiske dagane før jul der karar med vikande blikk leitar desperat etter julepresangar; og helst presangar som kanskje for ein gong skuld kan overraske mottakarane. Da kan billettar til denne godteposen av ein konsert vere eit alternativ; med Polkabjørn, Kleine Heine og virtuose musikarar frå TrondheimSolistene.
Les heile saka
Søndag 14. januar inviterer Surnadal I.L. til langrenn ved Nordmarka Skisenter i Surnadal. Sonerennet startar kl 11.00 medan kretsrennet startar kl 12.00, og det skal utøvast fri teknikk, med 15 sekunders individuell start.
Les heile saka
Det er nok mange som har lengta etter at sola skal snu, og at det begynner å gå mot lysere tider igjen. Det skjer torsdag 21. desember kl. 17.28 norsk tid (ETC ). Det går nok noen dager før vi merker at dagene blir lengre, men etter hvert vil dagens lengde øke med 6 minutter. Da tar det 10 dager å øke daglengden med 1 time – og da er det jammen snart vår igjen!
Les heile saka
På morgonkaffen i Kaffekroken er det som oftast ikkje så stor deltaking, men tysdag var det både bursdagsfeiring og celebert besøk. Ragnar var jubilant, og er frå i dag i ein slik alder at han kan gjera som han vil, og det var behørig feira med krem-terte til alle som var innom. Førstemann innom var skulebussjåføren – Kristian Kjølstad – og etter kvart var vart det både jubilant, ordførar, rådmann og fleire til, men det var sjølvsagt berre jubilanten som fikk klem og presang med ordføraren.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag kjem Start 4H rundt bygda på ein handlerunde, der dei har fine kornband og juleheftet «Du mitt Nordmør» i kolleksjonen. Fint om folk har kontantar, då Start 4H ikkje har betalingsterminal, står det i ei pressemelding vi har fått.
No er billettane til julerevyen «#ViÅ» i sal på Matkroken Todalen. No er skrivearbeidet ferdig, og øvinga er godt i gang. No er det berre sensasjonelle hendigar som kan påvirke stoffet til julerevyen, gliser Anders Gjeldnes som er revysjef i år.
Les heile saka
Vi står på det vi kan, og målet er å få til open veg forbi Kufalla til jul. Men vi veit ikkje om vi klarer det, for det er store mengder med fjell og anna masse som må vekk. Mykje meir enn vi rekna med da vi starta arbeidet, fortel mannskapet frå Vatn Maskinstasjon.
Les heile saka
Søndag ettermiddag inviterte Prosjekt 17-koret til julekonsert. Først i Todalskyrkja kl. 15, og så i Åsskard kyrkje utpå kvelden. For den som ikkje har fått det med seg, så er Prosjekt 17-koret fortsettinga av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor. Før dirigenten for dei 3 kora pensjonerte seg, var korsongen ein del av organistjobben i Stangvik prestegjeld, men no er dette omorganisert. – Spesielt for konserten var P17-koret forsterka med strykeorkester, og med Sigrid Vetlesæter Bøe (sopran) og Torunn Kroknes (mezzosopran/alt).
Les heile saka
Julaftan – 24. desember – blir det tradisjonell gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er Kirsti Hjørnevik som held gudstenesta, som startar kl 14.00 – ein halv time seinare enn tidlegare annonsert i kalenderen.
Les heile saka
Onsdag kveld er heile bygda invitert til juleavslutning på Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Tirsdag 12. desember var det den årlige julelunsjen på Jørstadmoen militærleir, med 280 ansatte og inviterte gjester. Her var det også utdeling av ulike medaljer til veteraner som hadde tjenestegjort i ulike internasjonale operasjoner og som ikke tidligere har fått sine medaljer.
Les heile saka
Ein litt irritert lesar har gjentatte gongar observert søppel flytande utanfor Hamos sin container på nordsida av Talgøfabrikken. Dette er opprinneleg ein søppelcontainer for hytterenovasjon for Surnadal kommune, men blir kanskje av og til bruka av andre også. I går kveld låg det nok eig gong ein svartsekk med søppel utanfor containeren.
Les heile saka