Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette!
Les heile saka
Måndag 6. juni (2. pinsedag) er det meldt fint vêr og sol! Slettneset steinovnsbakeri inviterer difor til open kafé frå klokka 12:00 – 16:00. Her kan dei freiste med god kaffe og nybaka kaffebrød. Så da er det berre å ta turen til Slettneset for formiddagskaffe på måndag!
Les heile saka
Når Todalshytta opna 1. juni, var Sunniva på plass i restauranten og på kjøkkenent. Sunniva Hegg-Lunde er frå osterøy, men har gått på Nordmøre Folkehøgskule i vinter. No i sommar skal ho tene til livets opphald på Todalshytta fram til utgangen av juli.
Les heile saka
Matkroken Todalen melder om ei lita endring i opningstida i pinsehelga. Medan pinseaftan (laurdag) har ordinær opningstid 9:30 – 16:00, så er butikken stengt på 1. pinsedag (søndag) og så er det kioskope 16:00 – 18:00 på 2. pinsedag (måndag). Drivstoffanlegget til HalsOil er ope heile helga, heile døgnet, for kortsal av drivstoff.
Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 18. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt å få måla vêrveggen, samt å vaske og rydde innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Les heile saka
27 personer stilte opp på vandring langs Toåa i dag, skriv Svein Tjelle i stavganggruppa til Surnadal pensjonistlag. Dei starta ut frå Bruset, og gikk innover langs elva til gapahuken i Fosstrøinn, og vidare innover til Phillipstavla i Hafallmelen og vidare langs elva til Ner-Nesset.
Les heile saka
Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra.
Les heile saka
Endeleg er vi klare til å ta imot gjester i «kammerpike Edits Spiseri», seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. – Dette har vi gledd oss til lenge no, og frå 1. juni er restauranten open for spisegjestar. Det vil seie at restauranten er open onsdag til søndag
Les heile saka
I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 29. juni klokka 19:30, i kantina på Surnadal sjukeheim. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort onsdag den 22. juni her på Todalen.no.
Les heile saka
Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Les heile saka