Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solarium til sals

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. oktober 2022

Tykkjer du at det var for lite sol i sommar? Da har du no sjansen til å kjøpe deg eit solarium, for å bøte litt på dette! Todalen Idrettslag skal nemleg selge solariumet som har stått på Hett & Svett. Solariumet er av typen Sunvision, og ligg ute på finn.no til kroner 4.800,-.

Todalen Idrettslag vurderer også å kjøpe ny masasjestol på Hett & Svett, da dagens massasjestol rett og slett er oppbrukt. Så om nokon har tips om ein tilsvarande stol i god stand, kan dei ta kontakt med leiar i Todalen Idretttslag, Elinor Bolme på telefon 901 96 268.

Massasjestolen er mykje brukt av idrettslaget sine medlemmer, og idrettslaget meiner det er viktig å vidareføre aktivitetar og tilbod som blir bruka.

Publisert: 2. oktober 2022, 12:49