Todalsdagen blir i år arrangert på Bordholmen stadion laurdag 2. juli frå klokka 9:30. I år er det, som vanleg, fotballcup, «Ræta opp», kiosk, grillmatsal og Superlotteri. I år blir det også Todalsmarked, der ein kan få kjøpe lokalproduserte produkt frå lokale produsentar i Todalen. Så her blir det noko, for ein kvar smak, utover heile laurdagen.
Les heile saka
Torsdag var det tid for å mimre og feire på kantina på Talgø. Det var siste arbeidsdagen for Ingri Bruset, som kunne tre av etter 46 år hos Talgø – først mange år på Talgø Møbelfabrikk og til slutt i selskapet Talgø Invest. Samtidig vart også Hans Bergersen takka av, men han har berre halvparten så lang fartstid og han skal ha siste arbeidsdag 8. august
Les heile saka
Siste tur før ferien gjekk i dag, 30. juni, til Vardfjellet. Vi starta opp frå Øygarden, øvst i Bøverdalen, i ca. 25 plussgrader og med skyfri himmel.
Les heile saka
Vi parkerte bilane ved Alvstusetra og derifra gikk vi til austenden av Krokvatnet. Vi fortalte om at det før har vore ein gard her, Austigarden.
Les heile saka
Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg med stormskritt. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd fortsett fredag 1. juli på Matkroken Todalen frå klokka 11:00 – 17:00.
Les heile saka
På jonsokdagen 24. juni vart den førtiande «Jonsvaka» (sia 1982) arrangert i Åsskard-kyrkja. Kor, solistar, musikarar og stappfullt hus sørga for ei fulltonande jonsokfest.
Etter biletkåseri med tilbakeblikk på 40 års historie og ein triveleg kaffepause kom konserten «Tonar til alle tider». Tittelen viste til musikk som på ymse måtar knyter seg til årstidene og til døgnets faser, til høgtidene i kyrkjeåret frå advent til pinse og til mange hundre års kulturhistorie
Les heile saka
Dei siste par vekene har det pågått arbeid med å bytte ut luftlinjer med jordkablar i Brusetgrenda og deler av Halagrenda. Det er Svorka, eller rettare sagt nettselskapet S-Nett som no oppgraderer straum- og breibandsnettet i dette området.
Les heile saka
I kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli frå klokka 10:00 og til eit godt stykke ut på ettermiddagen. Mange møtte opp for å vere med på dugnaden.
Les heile saka
I sommar er vokaltrioen AD UNDAS på ein seksdagers turne på Nordvestlandet og i Trøndelag – mellom anna stikk dei innom Svinviks arboret for å halde konsert fredag 8. juli med konsertstart kl 19. I innbydinga skriv dei at di byr på ei annlleis konsertoppleving som passar både store og små. I arboretet har dei budd seg på at det kan bli litt nedbør, så både artistar og publikum får tak over hovudet under konserten.
Les heile saka
Fredag 1. juli, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bakeriutsal før sommarferien. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i sommarferien.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 11. og tysdag 12. juli. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
Onsdag 29. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet.
Les heile saka