Etter ein kort ferie, startar Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag haustsesongen med stavgangtur til Ranessetra torsdag 11. august klokka 11:00. Oppmøte ved bommen klokka 11:00, for samkøyring oppover til parkeringsplassen.
Les heile saka
Etter ein kort ferie, startar Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag haustsesongen med stavgangtur til Ranessetra torsdag 11. august klokka 11:00. Oppmøte ved bommen klokka 11:00, for samkøyring oppover til parkeringsplassen.
Les heile sakaStemmane er talt opp, og det er Ann Iren Kalseth sitt bilete av Todalsøra som er kåra som beste bilete frå juli.
Les heile sakaNorges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) si «Jentehelg» er årets nykommar på aktivitetsfronten, og blir arrangert helga 26. – 28. august. Kvinneutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) håper da på stor oppslutning! Det vil vere mogleg å delta heile helga, eller berre på turen til Vaulen, som er frå laurdag til søndag.
Les heile sakaSommaren 2022 har vore våt og kald, men endeleg vart det ein finversdag. Det syntest vertinnene i Svinviks arboret var riktig så bra!
Les heile sakaNordmøre gatebilklubb skulle egentleg avvikle sitt arrangement i Røtet laurdag, men håplaus vêrmelding gjorde at dei bestemte seg for å utsette arrangementet til søndag. Det vart ein ubetinga suksess, for søndag var det mellom 1500- 2000 som besøkte gatebilarrangementet – kanskje var det enda fleire.
Les heile sakaLaurdag 13. august klokka 10 inviterer Stangvik Historielag til tur til Steinløa, som ligg på Østbødalssida av Svarrafjellet. Guide blir Bjarne Holten, som har vore pådrivar for det store restaureringsarbeidet, som ein dugnadsgjeng frå historielaget har utført med løa. Løa er så vidt dei veit den einaste løa bygd av stein i Surnadal kommune, og i Steinslettet var det slått til kring 1900.
Les heile sakaGløym ikkje å stemme fram din favoritt til å bli månadens bilete i juli! Kåringa vert avslutta ved midnatt søndag 7. august.
Les heile sakaOlav Halle har funne eitt par svarte Airpods i ballbingen ved Todalen Oppvekstsenter. Om dette er dine Airpods, kan du ta kontakt med Olav Halle på telefon 913 81 461, så får du dei att.
Les heile sakaNo startar billettsalget! Ønsker du å sikre deg billettar til konserten med Espen Lind på Leikarvollen Scene 05. november har du moglegheita frå kl.09 i dag! (fredag). Klikk deg inn på Tikkio og sikre deg billettar no til årets konserthappening!
Les heile sakaSøndag 7. august er siste ordinære opningsdag i Svinviks arboret denne sommaren. Arboretet oppfordrar difor til å turen innom i løpet av helga, for eit besøk i hagen, og for å sjå på fotoutstillinga til fotograf Jörg Brunke – eller berre nyte ei triveleg stund i kafeen, med utsikt over den frodige hagen.
Les heile sakaI går vart det montert ny elektronisk dørlås på ytterdøra ved Hett & Svett. Samtidig vart det delt ut elektroniske kodebrikkar til dei medlemmene, over 16 år, som møtte opp ved Hett & Svett. Frå etter helga, må ein ha kodebrikke for å kunne nytte treningstilbodet ved Hett & Svett. Todalen Idrettslag ventar på ny forsyning med kodebrikkar, slik at alle medlemmer, over 16 år, og som ønsker det, kan få slike.
Les heile sakaI kveld gjekk ein stor gjeng frå Taekwon-Do leiren i Surnadal til Storhaugen for å få litt avveksling og som eit slags trivselstiltak. Frå Kjell Gunnar Polden har vi fått eit flott samlebilde av gruppa på toppen av Storhaugen
Les heile saka