Det var ingen som klaga på nokre få kuldegrader da det tidlegare i kveld var julegrantenning i Brusetmarka. Det skedde sjølvsagt i Trudvangkrysset, og treet er flott pynta med mykje lys. Triveleg med lokal julegrantenning som samla store deler av legmålet til litt sosialt samvær.
Les heile saka
I dag kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti. Det er også mogleg å låne med seg bøker heim frå «minibiblioteket».
Les heile saka
Adventlotteriet har vinnaren klar for luke nummer to – 2. desember. Under luka der var det ei stor og flott julestjerne med lys. Den heldig vinnaren er Pestua. På vinnarloddet står det berre Pestua, så om det er yngste eller eldste generasjon som er vinnar veit ikkje vi – eller kanskje er det alle sammen i lag som får glede av den flotte gevinsten?
Endeleg er vi i gang. Etter ein hektisk periode med innsamling av gevinstar og sal av adventloddar er vi i gang med trekninga, seier Torill Talgø og Anita Talgø. Dei to representerer Todalen ILs trimgruppe som har trødd igang årets nykommar som dette adventlotteriet faktisk er. Trekninga kjem til å skje kvar dag fram til jul – 24. desember trekkjer vi siste gevinsten. Dei fleste dagane trekkjer vi ein gevinst, men enkelte dagar slår vi litt på stortromma og trekkjer to gevinstar. No har dei den første vinnaren klar…
Les heile saka
I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.
Les heile saka
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.
Les heile saka
Surnadal kommune opna for at personar i aldersgruppa 18 – 64 år, utan underliggande sjukdommar, no kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon.
Les heile saka
Tysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023. Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.
Les heile saka
Trimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no. Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten. No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til […]
Les heile saka
Vinteren er høgsesong for boligbrannar – test difor røykvarslaren torsdag 1. desember! Det er oppmodinga Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale el tilsyn, brannvesenet og Gjensidige kjem med før «Røykvarslerdagen» på torsdag. «Røykvarslardagen» er eit mangeårig samarbeid mellom dei ovanfornemnte.
Les heile saka
Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.
Les heile saka
Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.
Les heile saka