Vi er komne til luke 20, og no strammar det seg til – i dag er det heile 4 gevinstar attafor luka. Den første gevinsten hamna i Øyagrenda, og vart vunne av Byteng. Den andre gevinsten var eit parti kanelsnurrar som hamna på Nordvik…
Les heile saka
Vi er komne til luke 20, og no strammar det seg til – i dag er det heile 4 gevinstar attafor luka. Den første gevinsten hamna i Øyagrenda, og vart vunne av Byteng. Den andre gevinsten var eit parti kanelsnurrar som hamna på Nordvik…
Les heile sakaEtter eige ønske feira Todalen og Stangvik oppvekstsenter skulegudsteneste måndag. Det vart ein livleg og lærerik time i Stangvik-kyrkja. Før klokkene ringte, fortalte prest Torbjørn Brøske litt om kyrkjerommet. Det er «skipet» med oss alle ombord, på veg gjennom livet, sa han. Og rommet fremst heiter «koret», fordi det var songarane sin plass i gamle dagar.
Les heile sakaI dag startar vi på siste veka med Adventlotteri – siste dagen er nemleg laurdag når vi skal opne luke nr 24 – da blir det finale. Men først må vi ta dagens luke, som nummer 19, og i dag var det faktisk heile 3 gevinstar! Den første var eit par pulsvarmarar som var vunne av Pestua – og blir det like kaldt i jula som det har vore den siste veka, så blir dei gode å ha. Spennande med to gevinstar til i dag – den andre ….
Les heile sakaP17-koret og Todalen sokneråd arrangerte i samarbeid julekonserten i Todalen kyrkje søndag ettermiddag. Med dirigent Bernt Bøe som musikkalsk leiar var det sjølvsagt spedd på med forsterkingar, både instrumentalt og med solistar. Solistar under dagens konsert var Turid Røen Kroknes, Maria Reppen og P17-korets eigen Øystein Moe.
Les heile sakaJulehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor.
Les heile sakaLotterigjengen er klar med neste trekkjing, sjølv om det er søndagsmorgon. Som vanleg er det 2 gevinstar, og den første gevinsten er eit brett med nylagte egg – 30 i talet, så her ligg det an til kokt egg kvar dag gjennom heile jula. Heldig vinnar er Liv Jorunn B Moe, som er lokalisert til […]
Les heile sakaFredag var Per E. Gjeldnes Maskin ute på spesialoppdrag. Det gikk ut på å felle dei store asketrea i allén ved Talgø gard, som etter kvart har fått så mykje tørre greier at dei var en trussel for trafikken. Anita Talgø, som er grunneigar, fortel at det har vore fleire tørrgreiner enn nokon gong i år – så no måtte dei berre til pers.
Les heile sakaNy trekning og nye gevinstar er klare for å spre glede rundt om kring til alla kjøparar av adventlodd i bygd og by. I dag er det også 2 gevinstar som er trekt ut – den første gevinsten er eit innrama bilete med solnedgang uti «fysnå» – utsikt frå området ved Talgøsetra. Den heldig vinnar vart Peder Klingen Talgø som bur i Trondheim, men som har bestemor i Andersstua som kanskje er loddkjøpar? Den andre gevinsten er ein bunt med heimbaka flatbrød som er klar for å bli tilbehør til julemiddagen…….
Les heile sakaMykje av det siste året har gått med til å førebu renoveringen av overflateavdelinga på Talgøfabrikken på Kvennset. Etter at det var slutt på produksjon av møblar og veggpanel har maskinene på lakkavdelingen stått nærast ubruka. Men i kjølvatnet av «royalsaka» har det etter kvart vorte aktuelt å overflatebehandle kledning på ein effektiv måte, og derfor vart det aktuelt å rehabilitere overflateavdelinga og bytte ut ein del maskiner for å tilpasse utstyret for overflatebehandling av kledning.
Les heile sakaTalgøkonsernet vokser i omfang, og kjøper 51% av aksjene i averøyfirmaet Einar Mork Snekkerverksted AS. Dermed blir Talgø Invest majoritetseier og innlemmer nok en velrennomert kvalitetsbedrift i Talgø-konsernet. Dermed tilrettelegges det for et nært samarbeid med verdifulle synergier fra nyttår 2023.
Les heile sakaKoret P17 med solistar og orkester inviterer til tonande juleglede i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag. Kantaten «I denne søte juletid» toppar eit rikhaldig program. Konserten i Todalen kyrkje tek til klokka 14:00, medan den tek til klokka 19:30 i Åsskard kyrkje.
Les heile sakaDenne dagen er det tre gevinstar i Adventlotteriet som Todalen I.L. arrangerer – som vi har skrive tidlegare er det berre kortreiste gevinstar, og Trimgruppa har opplevd ei stor gjevarglede hos dei lokale gjevarane. Stor var også interessa for å kjøpe lodd i Adventlotteriet, noko som skaffa Todalen I.L.s trimgruppe eit loddsal på overkant av 28.000 kroner – som er ein flott innsats. Vinnar denne veka Sidsel Ramsøy på To av gevinstane – ho vart den heldige vinnar av ein heimestrikka buff og eit par Selbuvottar i barnestørrelse. Når det gjeld den tredje gevinsten som er ein bilde/kunstverk….
Les heile saka