Påskeaftan kan du rivi i med nytt utstyr – så kan du ta ein prøvetur til Tydalsnebba etterpå – eller kanskje ein tur til Kvennåbotn? Kårvatn Fjellutstyr rapporterer om eventyrleg sal og har i år ope påskeaftan i tidsrommet 10-15 – Da er det rabatt på det meste i «butikken på låven» – ski, bindinger, stavar, klær sko og mykje anna!
Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.
Les heile saka
Todalen Idrettslag trefte blinken med Gunnøydilten! Verken vi eller arrangøren, som var TILs trimgruppe veit kor mange som var med, men det kom og gikk folk frå alle kantar, så derfor veit vi at det var mange som var med. Og folket kosa seg i finvêret – og folk brydde seg ikkje om av det til tider var litt sterk landvind for dei var kledde for å være ute. TILs trimgruppe hadde ordna med både kaffe og brus, og kanelsnurrane og sjokoladekaka fikk bein å ga på – vi såg berre blide ansikt nedover heile turstien.
Les heile saka
No er det lamming på gang – i Viastua er dei første lamma alt komne til verda. Aller først ute var Jenny, som lamma 21. mars – som eit resultat av eit romantisk eventyr medan dei enno var ute på beite – men no er den ordinære lamminga i startgropa. Om eit par dagar starta «rushet», og da kjem nok lamma som perler på ei snor.
Les heile saka
Måndag 10. april klokka 12:00 inviterer Todalen sokneråd til friluftsgudsteneste på Tjønnmyra. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Påskebasaren på Nordvik hadde god oppslutning og mange fine gevinstar. Grendalagaget takkar alle som støtta opp med gevinstar og loddkjøp.
Les heile saka
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Les heile saka
Nordvik grendalag melder at det blir påskebasar tysdag 4. april og seterrenn på Nordviksetra skjærtorsdag 6. april.
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har fått faktura for støttemedlemskap i innboksen sin ein av dei siste dagane, medan dei som ikkje er registrert med e-postadresse får faktura i posten rett etter påske.
Les heile saka
Travle tider på Kårvatn Fjellustyr – klær og skiutstyr har fått skikkeleg trøkk og mange som har vore butikken på handel har spent på seg utsyret og sette opp Dalalia til området rundt Tydalnebba på «prøvetur», fortel Gudmund Kårvatn og Olve Børmark. I det fine vêret har toppturene tatt heilt av og parkeringsplassen på Kårvatn var proppfull av bilar og folk. Før påske er butikken open tysdag 4. april og onsdag 5. april i tidsrommet 10-16 – og salget vil fortsette etter påske, seier dei Gudmund og Olve.
Les heile saka
Langfredag arrangeres «Kjerringdilten» på Skihytta til Todalen idrettslag som er lokalisert på Ørsalmyran på Sørfjellet. Dette arrangementet har ein lang tradisjon, både med rennet og ikkje minst den gjeve vandrepokalen som er sett opp som premie. Det er sjølvsagt ei stor ære å ta eit napp i vandrepokalen, nytt i år er at det også er sett opp ein pokal til odel og eige – denne pokalen er satt opp av HalsOil og utdeles altså til odel og eige.
Les heile saka
Lørdag 22. april inviterer SpareBank 1 Nordmøre til Sjakk med Torstein. Mer bestemt: Lyn-sjakk. Da kommer selveste Torstein Bae til Surnadal, og vi ønsker alle som vil spille eller se på sjakk hjertelig velkommen innom banken. Det starter kl. 12.00, og slutter kl. 15.00, og da byr vi på Barneturnering, Lynsjakk med Torstein x 3, og simultansjakk med Amund Pihl Strand.
Les heile saka