Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skihytta: Byr på bakels og graut til kaffen på laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

«Kjøkkensjefen» på Skihytta, Knut Halset, inviterer alle som har lyst til å kome til Skihytta på Ørsal-fjellet komande laurdag, 8. juli.  Da vil han fyre opp vaffelpressa og servere gratis bakels, graut og kaffe.  – Kafeteriaen er open frå 11:00 til 14:00 denne dagen – og alle er velkomne!


Dei to hadde nok mykje å snakke om…

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

Dei fann lett tonen dei to løparane – Håvard Gjeldnes var akkurat komen i mål på Ræta Opp, og OL-løparen John Boulter som var publikum på Bordholmen laurdag.  John har nok lagt løparskoane på hylla, men han har mange meritter å vise til.  John og kona Sallie er no på besøk hos Odd Arild Sande […]

Les heile saka

Da er det fritt fram for badeliv, oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

Kvart år er det knytt stor spenning til når Hønhalsen går av.  Et gamalt sagn seier at når Hønhalsen går av er det sommar, og badelivet kan starte.  Det kan være store variasjonar frå år til år, men den tidlegaste datoen som er registrert i nyare tid er 12. juni, medan av av dei seine datoane er 14. juli (2020). 

Les heile saka

Todalsdagen 2023 vel i hamn

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

Det er sjølvsagt knytt stor spenning til vêret når ein skal arrangere Todalsdagen – det betyr så enormt mykje for publikumtilstrøyminga og dermed for omsetning og overskot.  Årets Todalsdag hamna midt i mellom 2 lågtrykk, og fikk dermet bra tilhøve for å arrangere årets TodalsCup og Ræta Opp.

Les heile saka

SRK får startkontingenten – vil du bidra så må du hive deg rundt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

Ræta Opp har ein sosial profil, og Todalen Idrettslag er så generøse at dei gir bort startkontingenten til eit veldedig formål.  I år er det Surnadal Røde Kors som er den heldige mottakar, og dei vart også inviterte til å promotere seg på Bordholmen under Todalsdagen.  Dei skal bruke pengane til gode formål lokalt, fortel gjengen som stilte på SRKs stand under Toalsdagen.  – Vi har eit utruleg stor engasjement lokal, og legg ned mykje arbeid i Hjelpekorpset som driv med redning og Omsorggruppa som driv både omsorgsarbeid og besøksteneste. 

Les heile saka

TILs Jubileumslotteri – no er trekningslista klar!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

No er trekningslista for TILs jubileumslotteri klar.  Salet av lodd i jubileumlotteriet har pågått dei siste vekene og det er nok mange som hadde stor forhåpning og var spente på trekninga som skulle skje under Todalsdagen.  Det vart selt lodd for over 28.000 og trekninga gikk føre seg på Bordholmen laurdag ettermiddag.  Bla om og […]

Les heile saka

Håvard og Lisabet – akkurat som i fjor og i forfjor….

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

Håvard Gjeldnes og Lisabeth Sæterbø toppar resultatliste for mosjonsløpet Ræta opp i år.  Det gjorde dei også i fjor og i forfjor, med det er det slett ikkje sikkert at dei gjør neste år, for i herrklassen pusta Emil Ansnes i nakkan på Håvard Gjeldnes det meste av løpet. Men i innspurten vart Håvard sterkast og kom i mål 36 sekund før Emil.  I dameklassen kom Lisabeth Sæterbø i mål 29 sekund før Ingrid Tangen som kom på andreplassen.  

Les heile saka


Xreid Trollheimen 2023 passerte Kårvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman). 

Les heile saka

Alt klart til Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig. 

Les heile saka


Ræta Opp 2023 -i år går kontingenten til Surnadal Røde Kors

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juni 2023

Lørdag kl 12.30 går startskuddet for årets Ræta Opp. Først starter Litj-Ræta for de minste, og går en runde rundt banen. Like etter er det turen til Ræta Opp 2023, med start for hovedfeltet. I år er der Surnadal Røde Kors som får hele potten med startkontingent. Nordmøre Sparebank1 støtter oss med deltakerpremier.

Les heile saka