Klarte du å løyse gåta for dagens bilete i går? Her får du iallefall svaret.
Les heile saka
Klarte du å løyse gåta for dagens bilete i går? Her får du iallefall svaret.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har også i 2014 fått tildelt eit landsrenn i Norges Cup randonne. Sidan dei siste åra har hatt litt problemer med snømengdene, har idrettslaget denne gongen fått tildelt datoen 15. mars 2014. I følge Norges skiforbund si nettside er påmeldinga allerede i gang
Les heile sakaLaurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.
Les heile sakaSøya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Les heile sakaMåndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.
Les heile sakaTorsdag kveld er kvelden alle skiientusiastar i Surnadal absolutt bør kjenne si besøkelsestid på Surnadal kulturhus. Då har primus motor Kristin Kårvatn klart å overtale kinosjef Pål Nordmann til å ta inn den store skifilmen Supervention.
Les heile sakaSvorka Aksess er no i ferd med å nå Todalen med fiberkabel. Den siste tida har det vore kabelstrekkjing innover stranda og dei er no komne til Kvennset. Det er i første omgang ei stamlinje opp til Bruset/Todalshytta, med ei grein nedover til Todalsøra.
Les heile sakaLaurdag og søndag var det julemesse med heile 54 utstillarar og god julestemning i Rindalshuset. Det var stor breidde i sortimentet som vart tilbydd under messa. Sjølvsagt var mykje av varene knytt til jul og julefeiring, både som pynt og nyttige ting, men også mange slag bakverk og anna tradisjonsmat.
Les heile sakaFredag og laurdag har stått i nærbutikkens tegn i Todalen. Dei to dagane har det vore kampanje for å «Handle heime», eller rettare sagt å bruke nærbutikken der du bor. Dette har skapt unormal stor aktivitet i kaffekroken, der direktøren sjølv har servert kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag. Johansen bakeri sørga for nykoka smultringar på fredag og Karen Johanne Talgø var innhyra til grautkoking og bakelssteiking på laurdag. Dette vart suksess, fortel Terje Nordvik som sjølv har vore servitør.
Les heile sakaIL Søya minner om den årlige Søya basaren som arrangeres i Myrvang i morgen frå klokka 17.30. Her blir det stort basarbord, åresalg, luftgeværskyting og ikkje minst utdeling av deltakarpremiar for aldersbestemt fotball.
Les heile sakaMatkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post: Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:
Les heile saka