Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola vart ny leiar i Todalen Bondelag

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. oktober 2014

Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen Bondelag. Ola G. Kvendset tek no over leiarklubba etter Ståle Ansnes men elles er det få endringar i styret. Med seg i styret har han Håvard Halset som nestleiar, Frode Grønmyr som kasserar, Siv Halle som sekretær og Sven Olav Svinvik som styremedlem. Vi tok ein liten prat med den nye leiaren, nærast midt i plogfåra…..

Les heile saka

Mesta grønsåpelukt etter vaskinga i går

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. oktober 2014

Vi hadde tirsdag ei sak om reingjering av Svinvikstunellen. Det har i ettertid vore reaksjon på at det var mykje skum og litt lukt fra elva som renn ned innafor tunellen. Vi tok derfor kontakt med Jogeir Ringstad hos Vakumentreprenøren, firmaet som utførte arbeidet med reingjering av tunellen. Det vart nemleg bruka store mengder med vatn i forbindelse med vaskearbeidet, og vi stillet sjølvsagt spørsmålet om dei køyrde lorten og kjemikaliane direkte i elva?

Les heile saka

Kevin på kretslaget for 2001-modellar

Elinor Bolme Tysdag 21. oktober 2014

På IL Søya si Facebookside meldes det om at Kevin Brusethaug fra Søya/Todalen debuterte på Nordmøre og Romsdal kretslag 2001 i helga. Kevin spilte helie 2. omgang i kampen mot Sunnmøre FK på Vestnes stadion, og klarte seg meget godt iflg. rapportene. Han ga målgivende pasning på det eine målet, og bidro til at laget hans vant 4-3 mot sunnmøringene. Kevin sitt fremst til høgre på bildet.

Les heile saka

Vasking av Svinviktunellen

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. oktober 2014

Tysdag morgon foregår det vasking av Svinviktunellen. Det er Kristiansundfirmaet Vakumentreprenøren som er leid inn for reingjering av tunellen. Det var nok mange som stussa når det stod «Ulykke» på lysskiltet, men det skulle altså berre stått tunellvask, fortel Jogeir Ringstad frå firmaet. Til jobben brukar dei ein spesialutstyrt tankbil, og vaskejobben er nok raskt […]

Les heile saka

Lang, men innholdsrik dag!

Elinor Bolme Måndag 20. oktober 2014

I går var G12 Søya/Todalen på si fotballavslutning etter ein lang og litt trå sesong. Totalt har dei i serie spela 12 kampar og det samme i cupsammanheng denne sesongen. Men desverre har dei slettes ikkje hatt marginane på si side, noko som har resultert i kun ein siger på 24 kampar. Derfor vart trenar og oppmann på eit tidleg stadium enige i at denne gjengen skulle få ei avslutning litt utanom det vanlege denne gongen.

Les heile saka

Har du mista ein caps?

Jon Olav Ørsal Måndag 20. oktober 2014

Reidar Østvik har funne ein flott grønn caps som saknar sin eigarmann. Er det du som har mista den, er det berre å ta kontakt med Reidar Østvik (tlf 913 37 157) på Elvestad så får du den att!


Fra Todalen til Skedsmokorset…

Mari B. Redalen Måndag 20. oktober 2014

Da er vi klare med oktoberbloggen, og den kommer denne gangen fra østlandet, nærmere bestemt fra Skedsmokorset. Der er det en brusetmarking som har sendt oss et blogginnlegg, og vi trur det kan være interessant lesning for «en og kvar». Ta vel i mot Turid!

Les heile saka

Både hjort, elg og jerv denne helga – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 19. oktober 2014

Denne helga har det vore stor aktivitet med jakt både etter hjort og elg, men største overraskinga fekk kanskje Nils Gjeldnes når han skulle sette seg på post på jerveåta – for der var jerven i full gang med å meske seg med slakteavfall. Dermed bar det over på «de evige jaktmarker» for denne gamle hojerven.

Les heile saka

No er det vår tur til å gå!

Jon Olav Ørsal Sundag 19. oktober 2014

Om vi ikkje må gå 5 timar for å hente vatn, så er det iallfall vår tur til å gå med innsamlingsbøsser i samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp og NRK i årets store innsamlingsaksjon på NRK-TV – «Vann forandrer alt». I heile landet er det i dag 98763 bøssebærarar som er ute – nokre av dei i Todalen. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra di!

Les heile saka

Trimbøkene 2014

Elinor Bolme Sundag 19. oktober 2014

Som lova etter trimbasaren skulle vi komme attende med oversikt over alle turane på dei ulike trimbøkene i Todalen. Heile 3991 turar vart gjort fordelt på dei 9 trimbøkene som er plassert rundt om i bygda. Dette talet kan nok være ein god del høgare, da fleire ikkje nødvendig vis skriv seg inn i trimbøker.

Les heile saka

Spreke damer tok idrettsmerket

Elinor Bolme Laurdag 18. oktober 2014

Eit knippe spreke damer i alle aldrar møttes på Bordholmen til idrettsmerketaking på formiddagen i dag. Dette er ein lang tradisjon i Todalen, men interessa har dabba sakte men sikkert ut. Nokre ungdomar stilte også sporty opp for å ta merket, da i klassen barn og ungdom.

Les heile saka

Politiet ønsker tips om sykkeltyveri

Jon Olav Ørsal Fredag 17. oktober 2014

Surnadal og Rindal lensmannskontor ønskjer tips om eit sykkeltjuveri på Kvennset i Todalen. Det skjedde fredag 10. oktober eller muleg natt til laurdag, da en kvit hybridsykkel av merket GT Transeo (2013-modell) stolen. Politiet ber om at du tek kontakt på telefon 71 65 87 50 dersom du har sett sykkelen eller har tips i saka.