«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988.
Les heile saka
Eit nydeleg tilbakeblikk til hausten vart månadens bilete i november, og sikrar Ingri Bruset eit napp i å få årets bilete i 2022.
Les heile saka
Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11. Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal. Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]
Les heile saka
I dag, mellom klokka 11:00 – 14:00, hadde Start 4H rigga seg til med stand utanfor Matkroken Todalen, der medlemmer frå klubben selde kornband. Vinteren gjorde sitt inntog for nokre dagar sidan, med både snø og kuldegrader, gjorde at salet vart bra.
Les heile saka
Med dyrare straum er gode råd dyre, eller kanskje ikkje? Onsdag 7. desember lanserte Svorka den nye Svorka-appen som gir straumkundane full kontroll over eige straumforbruk. Appen er heilt gratis å laste ned og å bruke, og er tilgjengeleg for alle Svorka sine straumkundar.
Les heile saka
Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik. Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er Elisabet Aas. Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.
Les heile saka
Etter det siste snøvêret denne veka har gradstokken gradvis gått nedover etter kvart som det har klårna opp. Den lågaste temperaturen har vi nok målt natt til laurdag, med -13,4 rett utafor kontorglaset. Enkelte plassar har det vore enda eit par-tre grader kaldare, slik at vi kan sjå 15-talet og sågar 16-talet ovafor Falla. Medan […]
Les heile saka
Driftsleiar for vinteranlegg i Todalen Idrettslag, Ståle Ansnes, kan melde om nyoppkøyrde løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er ganske fine forhold for å gå på ski, men det er litt løst i traseen foreløpig.
Les heile saka
Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka. Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika? Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]
Les heile saka
I går kveld inviterte Foreldrearbeidsutvalet (FAU), elevane og dei tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen foreldre og søsken til adventstund. Elevane, med hjelp frå lærarane, hadde laga underhaldning med sketsjar, dans og songar, der temaet sjølvsagt var jul, og som dei framførte under adventstunda.
Les heile saka
Komande søndag 11. desember var det tillyst julebuffe på Todalshytta – Vi har no beslutta å avlyse denne julebuffen, da det har vore liten eller ingen respons på tilbodet, seier Arve Evensen på Todalshytta til Todalen.no. Todalshytta er medlem på Todalen.no
Les heile saka
Laurdag 10. desember, mellom klokka 11:00 – 14:00, vil Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje kornband. Grønskjora er her heile vinteren og er ein trufast gjest på fuglebrettet. Start 4H vil gjera stas på grønskjora, og andre fuglar, som vel å bli i Todalen gjennom den kalde tida, medan andre fuglar dreg til palmesus og ljose dagar på sydlege breddegrader.
Les heile saka