Styret i Surnadal kunstforening kallar inn til årsmøte onsdag 22. februar klokka 19:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Styret i Surnadal kunstforening kallar inn til årsmøte onsdag 22. februar klokka 19:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaOnsdag 1. mars klokka 11:00 – 13:00 inviterer Vindel og Surnadal kommune til «Etablerarlunsj» på Surnadal kommunehus. Så har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva midlar og tenester det er mogleg å søke for bedriftsutvikling? Da er dette rette plassen den 1. mars!
Les heile sakaDet er kjempefine forhold i Dalaia etter det siste snøfallet. I dag har det delvis vore blå himmel og sol, og Gudmund Kårvatn har vore oppå lia på inspeksjonsrunde for å sjekke forholda med tanke på helgas randonee-NM. Han rapporterer om kjempefine forhold nedover Dalalia – faktisk er det sjelden det er så fine forhold ned lia som no, seier han. I dag har Jan Hafsås vore oppe med fly, og vi kan vise ferske bilder frå området rundt Tydalsnebba – og det ser lovende ut.
Les heile sakaTorsdag 2. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaFolketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn), viser at det 31.12.2022 var 293 todalingar, ein nedgang på 1 i forhold til tala 31.12.2021. Det var ved årsskiftet 140 kvinner og 153 menn busett i Todalen. Gjennomsnittsalderen var ved årsskiftet 2022/23 47,1 år, akkurat det same som ved årsskiftet 2021/22. Det er Todalen bøgdalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.
Les heile sakaI kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa.
Les heile sakaI forbindelse med randonee-NM holdes Todalshytta hytta åpen for frokost, lunch og middagsservering – dette gjelder fredag og lørdag til kl. 19.00 – ta kontakt med Arve på telefon 929 97 550 for bestilling.
Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til sesongens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft til deltakarane.
Les heile sakaJanuar og februar er tradisjonelt ein travel periode med messearrangement på Talgø – det starta denne veka med XL-Bygg og vil fortsette med Byggtorget som kundar. Det skjer på Lillestrøm i Nova Spektrum (tidlegare Norges Varemesse).
Les heile sakaDenne helga er det full fart, og aldri har vel engasjementet og interessen vore større enn i år, fortel Gudmund Kårvatn, som melder om stor interesse for årets arrangement. – Han fortel at det alt no er påmeldingar frå Tromsø i nord og mange frå randonee-miljøet i Romsdalen, slik at vi kanskje får oppleve tidenes heat i Dalalia. Fleire nye namn er det også, så dette blir spennande.
Les heile sakaFor ei lita stund sia, gjekk Surnadal kommune ut i media og etterspurde utleigebustadar til flyktningar. Ein gjeng med samfunnsengasjerte privatpersonar og lokalpolitikarar frå Todalen, med delvis fast oppmøte i kaffekroken på Matkroken, har ei god stund engasjert seg for å finne bustadar til flyktningane i Todalen. Måndag var dei på synfaring i lokala til den midlertidig stengte barnehagen og i lokala til nedlagte skulen i Todalen.
Les heile sakaI samband med NM i randonee på Kårvatn nestee helg blir det arrangert ein bankett i Todalen ungdomshus, laurdag 4. februar kl 19:00. Det er ein felles bankett for løparar, funskjonærar og for alle andre som har lyst til å være med. Der blir det servert jegergryte frå HammerStuene som hovudrett og etterpå blir det servert kaffe.
Les heile saka