14 lag mobliserte all tilgjengeleg kunnskap til påskequiz på Todalshytta langfredagskvelden, og jammen vart det kamp om posisjonane for ikkje å seie pallplassane etter kvart. Til slutt var det 4 poeng som sørga for ein trygg vinnarplass for det lokale laget Markarampen med 45 poeng. På dei neste plassane kom Ranes United med 41 poeng og Torkjel & Co på tredjeplass med 40,5 poeng.
Les heile saka
Vêrgudane varta opp med strålande vêr og kjempe fint skiføre under årets «kjerringdilt. Knapt seksti peronsar tok turen opp til skihytta for å vere med på «Kjerringdilten» og for å få ein fin skitur i det fine påskevêret. Det er driftsstyret for skihytta i Todalen Idrettslag som står som arrangør av «Kjerringdilten».
Les heile saka
Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina.
Les heile saka
Påskeaftan kan du rivi i med nytt utstyr – så kan du ta ein prøvetur til Tydalsnebba etterpå – eller kanskje ein tur til Kvennåbotn? Kårvatn Fjellutstyr rapporterer om eventyrleg sal og har i år ope påskeaftan i tidsrommet 10-15 – Da er det rabatt på det meste i «butikken på låven» – ski, bindinger, stavar, klær sko og mykje anna!
Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.
Les heile saka
Todalen Idrettslag trefte blinken med Gunnøydilten! Verken vi eller arrangøren, som var TILs trimgruppe veit kor mange som var med, men det kom og gikk folk frå alle kantar, så derfor veit vi at det var mange som var med. Og folket kosa seg i finvêret – og folk brydde seg ikkje om av det til tider var litt sterk landvind for dei var kledde for å være ute. TILs trimgruppe hadde ordna med både kaffe og brus, og kanelsnurrane og sjokoladekaka fikk bein å ga på – vi såg berre blide ansikt nedover heile turstien.
Les heile saka
No er det lamming på gang – i Viastua er dei første lamma alt komne til verda. Aller først ute var Jenny, som lamma 21. mars – som eit resultat av eit romantisk eventyr medan dei enno var ute på beite – men no er den ordinære lamminga i startgropa. Om eit par dagar starta «rushet», og da kjem nok lamma som perler på ei snor.
Les heile saka
Måndag 10. april klokka 12:00 inviterer Todalen sokneråd til friluftsgudsteneste på Tjønnmyra. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Påskebasaren på Nordvik hadde god oppslutning og mange fine gevinstar. Grendalagaget takkar alle som støtta opp med gevinstar og loddkjøp.
Les heile saka
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Les heile saka
Nordvik grendalag melder at det blir påskebasar tysdag 4. april og seterrenn på Nordviksetra skjærtorsdag 6. april.
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har fått faktura for støttemedlemskap i innboksen sin ein av dei siste dagane, medan dei som ikkje er registrert med e-postadresse får faktura i posten rett etter påske.
Les heile saka