Todalen Sanitetsforening melder om at nytt årslotteri er på plass. Denne gongen er det valgt nok ein lokal bidragsytar som er velkjent for fine bilder, i alskens variantar; Kristine Saksen Ulvund.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening melder om at nytt årslotteri er på plass. Denne gongen er det valgt nok ein lokal bidragsytar som er velkjent for fine bilder, i alskens variantar; Kristine Saksen Ulvund.
Les heile saka
I disse dager er Byggmakker Surnadal på utkik etter 2 nye medarbeidarar – dei treng ein person i butikken og ein på lageret. Byggmakker Surnadal har hatt ei fin utvikling, og nådde ei omsetning på rundt 65 mill i 2016, fortel Jan Bjørnebeth og Marit Gjeldnes som styrer Byggmakkerbutikken som butikksjef og NK.
Les heile saka
I føremiddag har mannskap frå Surnadal kommune og entreprenør P. Gjeldnes Maskin vore på synfaring i Falla. Foreløpig er det ikkje aktuelt med stenging av vegen, men det må gjerast nokre tiltak. På grunn av mykje vatn i området vil ikkje arbeidet på rasstaden starte før over helga.
Les heile saka
Det er gått eit nytt ras i Falla i løpet av natta, og no i morgontimana vurderer kommunen kva tiltak som må gjerast. Beredskapsvakta har vore på staden, men Dalavegen er foreløpig ikkje stengt. Vi kjem til å ta eit overblikk over situasjonen saman med entreprenøren Per Gjeldnes Maskin når det blir lyst, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Han oppfordrar alle som ferdes i området til å utvise stor forsiktighet til ein får skaffa seg oversikt over situasjonen.
Les heile saka
Også soknerådet i Todalen ha sendt over sine aktivitear som de no finn i aktivitetskalenderen.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti avheld sitt årsmøte tirsdag 14. februar kl19 på kantina på Surnadal sjukeheim. Det er vanlege årsmøtesaker og enkel servering
Vel møtt.
Styret
3. helga i februar – 18. – 19. februar – setter Todalen idrettslag og Norges Skiforbund randonee-cup på programmet. Da er hele norgeseliten venta til Todalen – og Kårvatn – for å delta i årets randonee-cup som skal arrangeres i Dalalia ved Kårvatn. Snøen er alt kommet på plass, og det rapporteres om finfine forhold på Kårvatn og i disse dager går de første innbydelsene ut til løperne. Randonee-cupen er forlengst på plass i terminlista til Norges skiforbund, forteller Nils Ove Bruset som er rennleder.
Les heile saka
Skigruppa orienterer om at dei søndagane framover vil arrangere skileik på Tjønnmyra. Her blir det sosialt for store og små i det flotte nærmiljøanlegget som er anlagt der oppe. Topp forhold i løypene no før det meldte regnet sett inn, og i akebakken er der rå for å miste både pust og å få snøen innafor jakka.
Les heile saka
Komande søndag, frå kl 15.00 og utover, arrangerer Todalen historielag tradisjonell ettermiddagskafé i Todalen ungdomshus. Denne gongen byr historielaget på kåseri med Gunnvald Bøe, som vil kåsere om ord og uttrykk som er knytta til vêr og vind – og kanskje andre historier. I tillegg vil «Skannerpatrulja» vise nokre gamle bilder frå historielagets arkiv.
Les heile saka
Det var friskt i hamneområdet da Surnadal Hamneterminal og Kristiansund og Nordmøre havn inviterte til opningsfest. Det skjedde nettopp på hamna, og det var rigga til eit stort telt, der det var både servering og underhaldning og ikkje minst helsingar inviterte gjestar både frå nær og fjern. Sjølv om det var rundt 10-talet med kuldegrader så var det ingen som klaga på kulda…
Les heile saka
Måndag 16. januar starta som ein riktig fin vinterdag. Gradstokken viste minus åtte grader oppå Tjønnmyrå, og det er kjempefine forhold i lysløypa med nypreparerte spor.
Les heile saka
Det har vore travle tider for brøytarane dei siste døgna. Er usikker på kor mykje snø som er kome, men det har iallfall vore full rulle for dem som skal halde vegane opne for oss trafikkantane. – Måndag føremiddag var dem komne ajour, og da var det godt med 10-kaffe på Matkroken og litt utveksling av erfaring.
Les heile saka