I går kveld kunne revygjengen på 7, pluss ein til låns, innkassere vel fortjent applaus etter endt forestilling av sin påskerevy. Ei oppsetning med litt innslag av jul ettersom det opprinneleg var 3.dagsrevy som låg i botnen for produksjonen.
Les heile saka
I ettermiddag stakk vi innom ungdomshuset for å sjå korleis det gjekk med Kleftiko-kokkane. – Der dufta det godt, og dei var akkurat i ferd med å sette maten inn i steikeomnen. Så vi fikk med kokkane på eit bilete før dei smekka att steikeomnsdøra. Dei nytta og steikeomnskapasiteten på skulen og etter plana skal alt være ferdig til servering når revyfesta startar kl 20.
Les heile saka
Surnadal Alpinsenter held ope i heile påska, og med det veret som er meldt framover vil anlegget få ei herleg avslutning for dei som er ivrige på slalom, telemark og anna fartsfylt akrobatikk på ski.
Les heile saka
Tysdag i den stille veka er fast basarkveld på Nordvik. Grendalaget er arrangør, og det er tydeleg at folket på Nordvik set stor pris på arbeidet til grendalaget; det var nemleg stort oppmøte og god, gammaldags basarstemning i Forsamlingshuset.
Les heile saka
Surnadal kommune er no salgsmodus, og averterer 15 nye boligtomter til salgs i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Nordvik har hatt god tilflytting dei siste åra av unge i etableringsfasen. No er det klart for å ta i mot enda fleire som vil ha fine, sjønære tomter med «eit kvarter til alt» innan rekkjevidde.
Les heile saka
Kultureininga i Surnadal kommune minner om søknadsfristane på dei ulike tilskottsordningane for første halvår 2018.
Les heile saka
En populær hobby som grip om seg er ølbrygging. I gamle dager var det nok vanlig å brygge sitt eget øl, og det finnes nok mange oppskrifter som er basert på tilgangen på lokalt råstoff og som kanskje var mer eller mindre vellykka. Etter hvert er både utstyr til brygging og råvarer som malt og humle blitt vanlig handelsvare og er lett å få tak i. Likevel er det en terskel å komme over før en kommer i gang, og det er en fordel å lære litt før en starter. Det har du nå mulighet til, for den 26. mai blir det kurs i Skålvikfjorden, nærmere bestemt i Løvik grendehus i Halsa.
Les heile saka
Når Todalen I.L. arrangerer revy så er det blitt tradisjon å servere en matrett – meir eller mindre eksotisk alt etter som. Denne gangen blir det lam og dette er selvsagt laget litt eksklusivt og dermed har du nok tippa rett – at det ikke er fårikål som kjem på bordet. Nei da, det er rett og slett Kleftiko på menyen. «Bla om», så kan du lese mer om Kleftiko….
Les heile saka
Nordvik Grendalag inviterer i morgon kveld til sin årvise påskebasar i forsamlingshuset. Her blir det basarbord, åresalg og mykje godt å få kjøpt seg i kjøkkenavdelinga. Torsdag er det klart for seterrenn i strålande sol, der det blir konkurransar både i langrenn, kulerenn og hopprenn for dei aller mest vågale. Til kvelds er det duka […]
Les heile saka
Vinteren har vore hard med vegane i vinter – det har vore mykje tele, og bruken av salt har ikkje gjort det betre. Asfalten er mange plassar i oppløysing, og det blir både store og djupe hol som kan være farlege bade for gåande, syklistar og billistar.
Les heile saka
Søndag kveld var det mini sjakkturnering på Matkroken, der Todalen sjakklubb meir eller mindre uhøgtidleg treftest til sjakk og tidtrøyte. Turneringa foregikk etter utslagsmetoden, og var langt i frå avgjort da vi stakk innom ein snartur. Det første partiet var stort sett ferdig da vi var der og dermed var det fleire som alt var […]
Les heile saka
Påskehandelen er i full gang fortel Terje Nordvik på Matkroken Todalen. Han har sendt oss oversikt over når butikken er open og når det er kioskopen butikk. Han minner om at automatstasjonen til HalsOil er open heile døgnet – 24/7, der du kan fylle bensin, diesel og avgiftsfri diesel. Påskehandelen tek du sjølvsagt på nærbutikken! […]
Les heile saka