I dag var medlemane i Surnadal pensjonistlag samla til julemiddag i festsalen på Nordmøre Folkehøgskule. Dette er ein årleg foreteelse, og eit populært tiltak som samlar nærast full sal. På programmet denne dagen var det ikkje berre julemiddag, men også song og musikk – og triveleg lag. Men høgdepunktet var kanskje utdeling av den årlege «Eldrearbeidarprisen» som kvart år går til nokon som har gjort noko spesielt som omsorg til glede og nytte for eldre. Og årets pris gikk til Terje Nordvik for mykje omsorg og omtanke for eldre – spesielt for bebuarane på sjukeheimen, der han ofte stikker innom på besøk.
Les heile saka
Då er vi klare med årets siste kåring av bileter. Finn deg ein favoritt, og stem han fram
Les heile saka
Onsdag kveld inviterer kyrkja i Surnadal til flerkulturell adventstund i kyrkjelydshuset på Skei. På programmet som startar kl 18.00 står tenning av adventlys, julesongar, juleevangeliet – og eit måltid kveldsmat i lag. Alle er velkomne!
Les heile saka
Årsskrift for 2018 frå Stangvik historielag er på plass i butikkhyllene. I tradisjonelt A4-format og med 60 sider med lokalhistorie er historielaget i rute både til historieinteresserte og som jule-lesnad. Årets nummer er den 12. utgåva frå historielagets skriftstyre og det inneheld mykje god og variert lesnad – litt for ein kvar smak.
Les heile saka
Med 9 varmegrader og litt fønvind er det inga sak å arrangere julegrantenning. Det har kanskje aldri vore så bra oppmøte på julegrantenninga og folk såg ut til å kose seg med gløgg og godsaker, samtidig som ungane leika seg og venta på gang rundt juletreet og besøk av nissen. Julesongar og gang rundt juletreet hører […]
Les heile saka
På tur opp til Skulstua på sykkel i dag såg Maria ein søppelsekk full av plastikk som låg og slong i vegkanten. I staden for berre å sykle forbi den, tok ho den like godt med seg søppelsekken på sykkelen.
Les heile saka
Setrer og kulturlandskap – Ålvundeid og Ålvundfjor heiter boka som no er i handelen og vart høgtideleg presentert i Ålvudeid Grendahus sist onsdag. Ideen til boka vart unnfanga våren 2017, og alt i oktober i år gikk boka i trykken med rundt 160 sider med seterhistorie frå Ålvundeid og Ålvundfjord – ispedd mykje historie rundt kulturlandskap og høyløer.
Les heile saka
I Brusetmarka var det storstila julegrantenning i kveld, og arrangementet «grip om seg» med stadig fleire deltakarar. Det er triveleg å samle naboane og gjera ting saman, og sjølvsagt var det servering av både gløgg, pølser, sjokolade og mykje anna godt. Deltakartalet passert denne gongen god over tretti og både store og små kosa seg denne mørke og milde desemberkvelden med opptil fleire varmegrader.
Les heile saka
Todalen Grendalag inviterer til julelystenning søndag 2. desember kl 18 ved matkroken søndag. Det blir julesongar, god stemning, servering av gløgg, loddsal med fine premiar og forhåpentlegvis kjem det nissarpå besøk. […]
Les heile saka
Sesongen for julegrantenning er i kjømda, og først ute i år er dei i Brusetmarka. Her er det tradisjon for å samlast i Trudvangkrysset til julegrantenning, og det skjer komande laurdag 1. desember kl 18.00. Da blir det servering av gløgg og pepperkaker og mykje anna godt, og alle som har lyst er velkomne til å delta, melder arrangementskomiteen.
Onsdag 5. desember (kl. 13) blir det «onsdagstreff» igjen på Surnadal kulturhus, og denne gangen forteller Tommy Fossum om «lakselordtida». Tommy Fossum har arbeidet et par år med å grave fram historier om de første britiske sportsfiskerne som kom til Nordmøre og Romsdal, samt til Oppdal og på Dovrefjell. Det har resultert i ei bok som nå kommer til salgs.
Les heile saka
Vi har fått tilsendt litt oppdatert opplysninngar om aktiviteten ved Surnadal folkebibliotek. På søndag held dei ope i forbindelse med Juletorg på Skei. Etter helga er det delvis stengt for innstallering av ny utlånsstasjon.
Les heile saka