Måndag 25. februar kl 19.00 inviterer Surnadal Heimbygdlag til årsmøte på Kallarommet på Thon Hotel Surnadal. På dagsorden stor «ord for dagen», og elles vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Måndag 25. februar kl 19.00 inviterer Surnadal Heimbygdlag til årsmøte på Kallarommet på Thon Hotel Surnadal. På dagsorden stor «ord for dagen», og elles vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaMåndag 11. februar er det plana å gå Kløvertur etter skogsvegen i Øyalia. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11:00. MEN: Yr melder snø og litt vind, så det kan bli aktuelt å legge om turruta.
Les heile sakaMange tok turen til ein islagt Todalsfjord i mildvêret i dag. Her var både små og store ute i godveret for å oppleve det litt magiske å ferdas midtfjords på vinters tid. Dei aller fleste hadde med seg fiskeutstyr og prøvde lykka under isen. Og fleire meldte om fangst, men den kom tidleg på dagen. Fleire trudde at flo og fjøre spela inn på dette. Isen er no mellom 15 og 20 cm tjukk, og trygg å ferdast på, heilt fram til Nordvik.
Les heile sakaDet var fullt rundt salongborda i Sanitetshuset under Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Ikkje mindre enn 23 handarbeidsglade kvinner tok pause frå vintersporten i fjernsynet for å møtast til triveleg samvær. Her gjekk praten livleg og strikkepinnane fort!
Les heile saka-Seks ulike filmar på Surnadal kino i løpet av ei stor veke – og nokre hastar det å få med seg!
Mest hast er det å få med seg GREEN BOOK, i alle fall i denne omgang. Ein god «gamaldags» film om ein røff utkastar som får eit sjåføroppdrag for ein meir forfina mørkhuda pianist.
Les heile sakaI veka som gjekk var Vegvesenet rundt på ein informasjonsrunde, der aktuelle grunneigarar og grendelag samt kommunestyra i Surnadal og Sunndal vart orientert om korleis Vegvesenet no jobbar med planane for Todalsfjordprosjektet. På det eine møtet møtte representantar for Todalen grendalag og Nordvik grendalag, samt grunneigarane og andre som kan bli berørt av prosjektet på nordsida av Todalsfjorden.
Les heile sakaVi gratulerar Reidar Østvik med vinnarbilete av Kitty med snøskuffa
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. februar i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid!
Les heile sakaFørstkommande måndag kjem Jo Kvande Hansen på Intersport Olaf Moen Eftf. As til Tjønnmyra for å tilby todalingar og andre intereserte til felleskidemo. Jo fortel at han vil ta med seg felleski i forskjellige lengder og spenn, og alle som ønsker, skal få prøve. Han tek blant annet med seg testvinnareane fra Rossignol og Fischer.
Les heile sakaStatens vegvesen har utarbeidet ei ny plan for utbetring av nokre fylkesvegar i Møre og Romsdal. Noko av arbeidet er planlagt utført i 2019 og noko i 2020. I møte i samferdselsutvalet 6. februar i år vart det gjort samrøystes vedtak om å gjennomføre plana for 2019, som har ei ramme på 30,0 mill. Av dette er FV671 og strekninga Åsbøen – Svinvik tilgodesett med i overkant av 5,7 mill. på den 4886 m lange strekninga.
Les heile sakaSurnadal kommune varsler sine innbyggjarar om stenging av vatn og brudd på kommunalt ledningsnettet via SMS eller telefon. Det samme systemet blir bruka til å sende ut varsel om feiing av eineboligar og fritidsboligar, og vil kunne bli brukt i ulike beredskapssamanhengar. Eksempel på dette kan vere varsel om stengte vegar under flaum, ras eller liknande.
Les heile sakaI dag vart det montert ein ny og moderne panteautomat for mottak av pantbare tomflasker og -bokar på Matkroken. – Endeleg er det kome små og kompakte pantautomatar som og små butikkar har plass til og ikkje minst råd til, seier Terje Nordvik hos Matkroken Todalen som har investert over 100.000 i den nye panteautomaten.
Les heile saka