Frå søndag 29. mars er det sommartid. Det offisielle tidpunktet for å justere klokka er kl 02 natt den siste helga på mars, og klokka stilles alltid 1 time mot sommaren når det blir sommartid. Og resultatet blir dermed at det blir lengre lyst om kveldane.
Langfredag er den store dagen på Skihytta – da blir Kjerringdilten arrangert, og det blir kamp om å ta eit napp i vandrepokalen som er sett opp. I fjor var det så dårlege vêrutsikter til langfredag, at det offisielle programmmet vart avlyst, fortel hytteformann Terje Nordvik. Det siste nappet i vandrepokalen, var det Vilde Mikkelsen som tok i påska 2013. For den som ikkje er så kjent, så er Kjerringdilten eit langrenn som går på idealtid, og som har lange tradisjonar. Start er langfredag kl 13.00.
Les heile saka
Dei to siste dagane har det vore jamn trafikk opp Falla og til Kårvatn, der det er storstila påskesal i butikken. – Det har vore skikkeleg bra med folk i butikken dei to første dagane av påskesalet, og det blir vel skikkeleg trøkk etter helga også, med langdag på tirsdag, seier dagleg leiar Laila Kvendset Bergli ved Kårvatn fjellustyr. Det er mange nye fjes, og det er folk både frå nærområdet og langvegs frå, seier Gudmund Kårvatn som er for veteran å rekne i butikken.
Les heile saka
Mange har kanskje teke påskeferie og gjort som deler av redaksjonen hos Todalen.no, stukke til fjells. Vi slakker derfor i kommande veke litt på dei store nyhetssaker, men har tenkt å halda besøkstala oppe og serverer dykk derfor ein storveis påskekrim som går over 6 dagar. Vi har nemleg vore så heldig å ha fått inn ein påskekrim tilpassa for Todalen. Forfattaren er Guro Redalen, og vi lover at denne kjem du ikkje til å lesa berre ein del av!
Les heile saka
Leah Jørgensen og bestefar Bernt hadde laurdag rigga seg til med butikk på vegkanten på Kvennset. Leah er på påskebesøk hos bestefar og bestemor i Todalen og nytta finvêret til å rigge til butikk, der dei bydde fram eit utval treprodukt frå lageret på Spikbua til Bernt. Leah hadde teikna salsplakat og saman har dei […]
Les heile saka
Laurdag opnar Surnadal alpinsenter bakken igjen. Alpinsentret har nemleg vore stengt sia måndag, for nettopp å spare på skiføret til påske. Skiføret ser ut til å halde bra, så da er det berre å ta skiene fatt. Dersom vêret tillet det, så vil det bli dagkjøring kvar dag fram til 2. påskedag for vi opplyst. Opningstida frå laurdag 28. mars er 11-16 kvar dag.
Grøne spirar på ekrene er nok fristande for hjort og rådyr, som etter vinteren har meir enn lyst på litt «ferskvare». Etter kvart er også hjorten komen på trekk, og det fører til stor trafikk av hjort på innmark, og dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar når den må passere vegen. Det er difor all grunn til å være forsiktig når du ferdast etter vegane – spesielt er faren for viltpåkjørsel stor i skymringa både morgon og kveld.
Les heile saka
I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….
Les heile saka
Saniteten «aksjonerer» med salg av lodd til sitt kunstlotterie på Matkroken i helga. Da vi var innom var det leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes som stod for salget. Vidare utover dagen og laurdag skal fleire av medlemane gå på skift innafor butikkens opningstid. Stikk innom og støtt Todalen sanitetsforening med kjøp av loddar!
Les heile saka
I går kveld vart det siste folkemøtet i regi ordførar og rådmann i forbindelse med kommunereforma arrangert i Todalen. Mellom 40 og 50 personar var møtt opp for å få ei innføring i kva kommunane no er pålagt frå Regjeringa i forbindelse med denne reforma. Møtet starta med ei generell orientering fra Lilli Gunn Nyheim og Knut Haugen om kva dette kan innebære for innbyggarane i Surnadal kommune, samt planprosessen så langt i arbeidet.
Les heile saka
Todalen sokneråd har no endeleg fått bekrefta beløpet etter konfirmantanes bidrag i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon på tirsdag. Og dei fem konfirmantane samla inn heile 9973 kroner på halvanna time. Dette er godt over fjorårets sum på 7678,- og soknerådet er storveies fornøgd med ungdommanes fenomenale innsats og ønsker nok ein gong og takke dei for jobben dei gjorde, seier Signe Marie Grønmyr frå soknerådet.
Les heile saka
I fjor arrangerte IL Søya ein vellykka Fair-Play kveld med Per Ravn Omdal som gjest. I år tenkte dei nok litt i samme bane og inviterte samtlege spelarar, trenarar, oppmenn og andre føresatte til Kickoffkveld på kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og med fullsett sal, vel 120 frammøtte vart det nok eit vellykka arrangement. Her deltok også dei samarbeidande klubbane Todalen og Kvass/Ulvungen.
Les heile saka