Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen misjonsforening inviterer til 170-årsjubileum

Einy R. Elgsæther Måndag 1. juni 2015

Det er ikkje ofte vi har med ein så tilårskomen jubilant å gjøre, men like fullt inviterer Todalen misjonsforening til 170-årsjubileum laurdag 6. juni kl 16.00 i Todalen ungdomshus. Sokneprest og Kamerun-misjonær Finn Ove Kaldhol og Etiopia-misjonær Åse Neergaard vil delta. Salmeprogram ved Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Det blir høve til helsingar. Song, servering og gåve til misjonen. Gratis inngang.

Heilt sidan foreninga vart starta i 1845 har det vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium som vil bli utstilt på festen, forutan gamle gjenstandar som har vore i bruk i foreninga. Ein historisk rapport vil også bli lest. Foreninga arbeider for Det Norske Misjonsselskap (NMS) som forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, har arbeid i 15 land og område der det no er oppbygd store sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester og som driv skular og helsearbeid etc.

Vår vesle forening ønskjer alle velkomne til ein hyggeleg jubileumsfest!

Helsing Todalen misjonsforening.

Publisert: 1. juni 2015, 00:11