Etter to knepne tap var det tid for a-laget til Søya-Todalen å vise at de også kan vinne fotballkamper. Fredag gjorde de som Nederland, knuste et godt fotballag 5-1. Mål av Gøran Stenberg, Ola Heggset (2), Erling Øye og Tony Seterbø. På en nyluftet bane vartet guttene opp med feiende flott angrepsspill og altså 5 mål.
Les heile saka
Torsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.
Les heile saka
Det er alltid ei triveleg samling når skule og barnehage inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte til avslutning på nok eit skuleår. Årets var intet unntak, der ungane viste fram kva dei hadde øva på den siste tida. Barnehagen fekk plass tidleg i programmet med sine tre songar fremst frampå scenekanten. Etterpå gjekk det slag i slag med vitsar, dansenummer, sketsjar med og utan poeng men med dertil større innlevelse. Akkurat slik vi likar det.
Les heile saka
Denne veka har det kome på plass eit flunkande nytt buss-skur ved Todalskrysset. Ragnar Halle fortel at Vegvesenet hadde ledige midlar til slike tiltak, og på eit møte rundt påsketidar vart det lufta eit ønske om eit krypinn på busstoppen der. No er det alt på plass, og det vil nok mange reisende som ventar […]
Les heile saka
Tidlegare omtala brannslukkeboks Prevento her på todalen.no, er no anbefalt frå fleire hald om å fjerne eit parti som har merkinga 281014 i botnen. Prevento var produsert i Tyskland og hadde hovudlageret i Kristiansand. Produsenten er visstnok ikkje å få tak i , medan grossisten i Kristiansand er konkurs, melder Solvor Lindseth Øyen, som tidlegare hadde denne for salg.
Les heile saka
Om få straksar er VM i Brasil i gang, og i fleire heimar går dette slettes ikkje upåakta hen. Hos Gunnar og Jacqueline Nordvik på Liatun er det no VM-stemning døgnet rundt. Som de ser av bilda er alle skjønnt enige i at det er berre eitt lag; Brasil!
Les heile saka
Eit skuleår er over, og det er tid for å markere dette i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter. Det skjer altså torsdag kveld og startar kl 18.00. Skuleborna byr på underhaldning, og i tillegg blir det både ein kaffeserveing og loddsal. Alle er velkomne!
Kom du ikkje inn på Todalen.no i dag tidleg, så har det si naturlege forklaring. Servertrøbbel var årsaka, men no er problema løyst og det er normal trafikk på nettet igjen.
Innspurten på anleggsarbeid på lysløypeanlegget på Tjønnmyra er i gang. Etter at Per Gjeldnes Maskin har planert og pynta på løypetraseen dei siste vekene, er no arbeidet med lysanlegget starta. Kablar er alt gravd ned og det som står att er montering av pålar. Det arbeidet starta tysdag kveld, og da vi var oppom Tjønnmyra hadde dugnadsgjengen alt fått på plass dei første pålane.
Les heile saka
Forrige tirsdag arrangerte Todalen, Øvre Surnadal og Torvik Sanitetsforening felles kosthaldsforedrag i Surnadal. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som møtte fekk eit lite innblikk i eit nytt prosjekt som no er på gang vedrørande barns matvanar i tidleg alder. Ernæringsfysiolog og professor Nina Øverby heldt foredraget “Positive og negative trekk i barns kosthold – hva betyr det og hva kan vi gjøre?” Ho arbeider med mat, helse og kosthald for barn og unge, og er ansvarleg for faget Kosthald og helse på Universitetet i Agder.
Les heile saka
Torstein Snekvik er lokal MOT-ambassadør og har ved flere anledninger opptrådt sammen med teamet bak MOT på deres arrangementer. Etter en opptreden på MOTs årlige landsmøte ble han spurt om han kunne tenke seg å være med på en bit av deres turnè som går på kryss og tvers i landet , noe han selvsagt takket ja til. Oppmlegget for Torstein sin del starta allerede denne veka, med oppmøte på Aker stadion før kampen mellom Molde og Brann i går.
Les heile saka
For mai kan vi gratulere Sissel Halset Storslett som vinnar av månadens bilete med «Kulihammarn og stornaustet». Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka