Som mange etter kvart kanskje har registrert, er det slutt på utsending av den hendige kulturhusfoldaren som bruka å dukke opp til alle husstandane i kommunen. Men det betyr slettes ikkje at det ikkje er noko som foregår på Surnadal kulturhus. Kulturhusleiar Karstein Telstad har sendt oss ei lang liste over alle arrangement framover til jul. Etter kvart vil vi kansje få tilsendt meir info om dei enkelte arrangementa når det nærmar seg.
Les heile saka
Endelig, etter 5 år med prating, klaffa det både med værmelding og turfølge. Et par raske avgjørelser (feriedag i ekspressfart), og vi var plutselig på parkeringsplassen i Nerdalen. Det er torsdagskveld og værmeldinga for de neste dagene er intet mindre enn fantastisk. Kanskje er det mulig å svare «ja» neste gang spørsmålet om jeg har gått den fullstendige Trollatraversen kommer på bordet? En liten pitstop på Innerdalshytta for en prat med Ole, som selvsagt ikke takker nei til å bli med opp Sørøsthjørnet neste dag.
Les heile saka
Kyrkja og søndagskulen i Surnadal går saman og startar med samlingar «SPRELL LEVENDE» for barn annakvar torsdag kl.17.30-18.30 i sokkelen på kyrkjelydshuset på Skei. Første gong blir tors.25.sept. og dei vil ha 2 grupper ; småbarnssong 1-3 år og barnesong/søndagsskule 4 år og oppover.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 18. september ved gapahuken Kvennbu i Kvenndalen. Der vart vi møtt av ein mannsperson og ein orrhane, båe fint ”utskorne” med motorsag. På turen innover dalen ser vi mange høge fjell, ma. Snøfjellet, Seterknobben, Trollhøtta og Storfjellet. Mellom Snøfjellet og Seterknobben skimtar vi så vidt toppen av den 1421 meter høge Blånebba.
Les heile saka
Å klatre Snotå (Neådalssnota) var ein draum som vart planta i seint i tenåra for min del, seier Gudmund Kårvatn. – Snotå var sjølve dronninga av fjella her, og ein særdeles vakker topp som så ofte låg der å ruva i bakgrunnen, for seg sjølv. Fleire ruter til topps var vurderte, men eggen mot nordaust skilde seg ut. Lang, passe eksponert og leda til topps. Ingen hadde til no klatra Neådalssnota. Denne veka bar de i veg, saman med klatrekompisen Lars Inge Harang. Her fortel Gudmund om turen….
Les heile saka
Tysdag hadde barnehagen besøk av NAF og politi. Dei hadde fokus på sikring av barn i bil, bruk av bilbelte og bruk av refleks når ein ferdast ute. Det er viktig å få inn gode vanar tidleg, og det var eit lydhørt publikum dei snakka til.
Les heile saka
Søndag 21. september kl 16 kjem Steinar Engelbrektson til Stangvik kyrkje for å halde konsert. Billetten kostar kr 200, og kan kjøpast på www.steinar-engelbrektson.no eller ved inngangen.
Les heile saka
Fra Sverre Kjølstad har vi etter forespørsel tidligere fått tilsendt litt info om skoleskyss i Surnadal kommune, samt de ulike tidene bussen går ut og inn il Todalen. Her er det naturlig vis fullt mulig å kunne benytte seg av bussen for andre enn skolepliktige.
Les heile saka
Onsdag starta arbeidet med utskifting av stikkrenner og reparasjoner av setninger i vegen rundt bygda. Arbeidet starta med stikkrenna ved Sissiå, og det danna seg for kø, spesielt på Todalssida, men det var ingen problem med å vente nokre minutt for å kome seg vidare. Det er firma J. Reiten frå Halsa som utfører arbeidet, […]
Les heile saka
Kommende fredag er det konsert med Steffen Jakobsen på Bøfjorden grendahus – Steffen ble kjent som han med den dype countrystemma på Idol på TV2 i fjor. Og til helga «stikker» han innom Bøfjorden etter en lang og travel festivalsommer.
Les heile saka
Torsdag startar dametrimmen oppatt melder instruktør Turid Hals Sæther. Ho har finpussa på programmet og inviterer gamle og nye trimmarar til dametrim i gymsalen ved Todalen skule torsdager framover. Oppstart førstkomande torsdag kl 20.
Årets runde med laseriestemne vart søndag avslutta med Mesternes Mester på Bordholmen. Eit titals barn møtte opp og tok del i liknande øvelsar som ballongstafett, vassballongkasting og blandt anna uthaldingsøvelse med ball over hovudet.
Les heile saka