Måndag kveld var alvor på Vangen, da kampen FA-cupkampen mellom Manchester United og Arsenal gikk av stabelen på Old Trafford. Det var 74.285 tilskuarar på Old trafford og 8 på vangen, inkludert vår utsendte. Det var 3 Manchester United- og 3 Arsenal-supportere «på banen, samt Siri P. og underteikna i sivilt antrekk. Høgdepunktet var nok dei tre scoringane, samt servering av ein utsøkt pizza.
Les heile saka
John Moe har sendt oss nokre bilder av skader som hjorten har påført skogen i Øyalia i vinter. Bilda viser skader på fleire treslag, både gran, furu og lautre, og det er tydelig at hjorten har brukt tennene til arbeidsredskap.
Les heile saka
Frå tid til anna kjem det forslag om omklassifisering av vegar. Denne gongen er det eit forslag frå Surnadal kommune om omklassiffisering av heile 19 vegar rundt omkring i kommunen. Første steget i denne prosessen er behandling i hovudutvalg for teknikk, miljø og næring, som skal tilrå kriteria for dette arbeidet. Deretter blir det utarbeidd eit forslag, som så skal ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer det endelege vedtak.
Les heile saka
I morgon inviterer Surnadal kommune og ordføraren til folkemøte angåande kommunereformen. på Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.
Les heile saka
Styret i Todalen I.L. melder at årsmøtet som var beramma til torsdag i neste veke er utsett til etter påske. Årsaka er at ikkje alle sakene er klare til neste veke, og ny årsmøtedato er difor sett til torsdag 9. april kl 19:00 i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Kommande søndagstur er det Surnadal IL som står for. Dei arrangerer skitur til grillhytta ved Løålikjølen, eit veldig populært turmål for tida. Møt opp ved informasjonstavla ved skisenteret i Nordmarka i Surnadal 8. mars klokken 12.00. Holder på til ca. 20.00.
Les heile saka
I går hadde vi ei sak på ledig jobb ved Kårvatn Fjellutstyr AS, og vi fortsett like godt litt til med denne saka av samme karrakter da det for tida er MANGE ledige stillingar av ulikt slag i Surnadalsområdet.
Hos Svorka er det blandt anna lyst ut 4 ulike stillingar. Amfi Kreativ treng to nye medarbeidarer, og Surnadal kommune held på å ordne seg på sommarferieavvikling.
Les heile saka
I Drivas fredagsavis annonseres det etter seljar til butikken til Kårvatn fjellustyr. Laila Kvendset Bergli, som er dagleg leiar, fortel at dei er ute etter ein person som er interessert i sal og kundebehandling – og som gjerne har fagkompetanse og erfaring fra sprotsbransjen. Og som det står i annonsen -» om du i tillegg tenkjer at du kan passe omtalen altmoglegmann, tusenkunstnar, lærevillig, sjølvgåande, gode datakunnskapar, engasjert, påliteleg, pliktoppfyllande, utstyrsinteressert, innovativ, utadvent, serviceinnstilt og fleksibel. Ja, då nærmar du deg verkeleg det vi søkjer etter….»
Les heile saka
Det er enkelte gong at det er vanskeleg å finne eigaren til ting som ein finn – eller som er att gløymt. Olaug Kvendset har teke vare på jakken på biletet over. Den er etterlatenskap etter 3.-dagsfesta i jula – ein svart dynejakke med merket Sir Joseph. I tillegg har ho funne eit par solbriller i Sandstadkrysset som også saknar sin eigar. klikker du videre finner du bilde og kontaktinformasjon.
Les heile saka
Fredag og ny runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå småbruka rundt kyrkja. Hovedbildet er Husbygeilen.
Les heile saka
Til våren blir det oppretta permanent båtanløp for Sea Cargo til Surnadal Hamn. Det er båten «Sea Cargo Express» som kvar veke går mellom Trondheim og Aberdeen som kjem til å stikke innom Surnadal hamn – som ein avstikkar frå anløpet i Kristiansund. Torsdag var det ein slags førpremiere på denne ruta, da «Sea Cargo Express» kom innom for å hente 700 m3 med MøreRoyal-produkt frå MøreTre – som skal leverast på turen nedover Vestlandet, før båten styrer over til Aberdeen i Skottland.
Les heile saka