No er det nok mange som ventar spent på løysinga på mysteriet rundt «Kronhjort i måneskinn». Vinnarar kjem så snart vår jury har fått tid til å gå gjennom spørsmåla, men vi serverer siste del på påskekrimmen her.
Les heile saka
No er det nok mange som ventar spent på løysinga på mysteriet rundt «Kronhjort i måneskinn». Vinnarar kjem så snart vår jury har fått tid til å gå gjennom spørsmåla, men vi serverer siste del på påskekrimmen her.
Les heile sakaPåskelaurdag var ein drømmedag i fjellet, og det var mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. John Are Husby tok turen til Bjøråskaret, og har sendt oss nokre bilde frå turen og frå den flotte utsikten frå Bjøråskaret – mot Innerdalsfjella.
Les heile sakaDet har etter kvart vorte tradisjon med både frilustsgudsteneste og finvêr på 2. påskedag. Todalen sokneråd inviterer iallfall på friluftsgudsteneste på Haugligardane ovafor Bruset 2. påskedag kl 12.00. Det er skogsbilveg heilt fram, og bra med parkeringsplass. Det går også an å parkere ved Bruset-fjøset og ta siste biten til fots for den som vil ha litt mosjon.
Les heile sakaFrå laurdag ettermiddag var det ikkje muleg å koble seg opp for å laste ned eller sende e-post for «svorka.net»-kontoar.Vi fikk fleire telefonar hit til redaksjonen om dette, men alle hadde breibandtilgang. Det tyda på at var mailserverproblem hos Svorka Aksess som laga krøll.
Les heile sakaDenne gongen er vi frå Todalen historielag sitt bildearkiv komne til Øvre del av Brusetmarka, med Gammelfabrikken, eller Fossheim som den har som stadsnamn, i sentrum.
Les heile sakaHer kjem femte episode i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår helt Lebrekk har utforska potensielle spor, og må sjå om det er muleg å komme fram til ein konklusjon. Her har du også moglegheit til å sende inn di løysing.
Les heile sakaMellom 60 og 70 personar tok turen til Skihytta på langfredag. Litt utrygge vêrmeldingar bremsa nok deltakinga litt, men vêret var på sitt beste på ettermiddagen omkring den tida kjerringdilten starta kl 13.00. Heile 52 personar stillte på startstreken og det var nok lagt mange strategiar for å kome i mål på den hemmelege idealtida som rennleiar Ivar Helge Kvendset hadde sett.
Les heile sakaFinalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen.
Les heile sakaDet er kjempefine forhold på Skihytta, rapporterer Ivar Helge Kvendset i arrangementskommiteen. 10 cm nysnø gir perfekt føre, og sjølv om sola enno let vente på seg så er det vindstille og god temperatur. Kjerringdilten startar kl 13.00 så du har enno eit par timar på deg til å ta turen til Skihytta på Ørsalfjellet.
Kommende søndagstur i regi av dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går 1. påskedag til grillhytta ved Grønlifeltet i Rindal. Turen startar fra parkeringsplass ved vestenden av Grønlivatnet i godt preparert løype i 2,2 km i lett terreng(med noen mindre stigninger i starten) opp til grillhytta
Les heile sakaFor 87-ende gang ble det tradisjonelle Seterrennet arrangert ved Nordviksetra på skjærtorsdag. Værutsiktene var ikke de beste, og i morgentimene lavet snøen ned. Etter hvert gjekk det over til byger med opphold innimellom. De som hadde firhjulstrekkere kjørte helt fram til parkeringsplassen ved setra, mens de som ikke hadde dette utstyret måtte ty til traktorskyss med henger.
Les heile sakaUnni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.
Les heile saka