Indre Nordmøre Forsvarsforening har sitt museum like ved Bygdemuseet på Åsen. Det er den gamle skulebygninga på Eidet som er teke i bruk som forsvarsmuseum, og som husar mykje gammel krigshistorie – mest frå den 2. verdskrigen. Fredag var det målardugnad, og 4 spreke pensjonistar hadde rigga til stillas og svinga målarkosten for å gi austveggen eit strøk med ny raudmåling.
Les heile saka
No nærmar vi oss vår og arboretsesong, om det kanskje ikkje verka slik mellom snøbygene som har vore siste døgnet. I år opnar Arboretetet 09.mai og skal ha ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag, og med langope til kvelds på onsdagar i juli. Opningstider 2015 Mai (frå 09.mai): ons – søn […]
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 25. april frå kl 11-13 i Sanitetshuset.
Les heile saka
Frå 2. mai og ut juni er naturfotografen Nils Olav Talgøy aktuell med utstilling på Tingvoll. Nils Olav var på 80-og 90-talet eit kjent trekk i bybildet i Todalen, både med si verksemd som treskjærar og finsnekkar på Nessakaia og som naturfotograf med sitt kamera i Todalsnaturen. Nils Olav er frå Meisingset, sjølv om han har Talgøynamnet og sine aner frå Todalen. I dag bur han med familien på Meisingset, og er no aktuell med fotoutstilling i samband med Kulturvekkå på Tingvoll.
Les heile saka
Søndagens «overhøringsgudsteneste» var nok annleis enn dei som besteforeldra hugsar frå si ungdomstid. Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard styrte det aller meste og skapte ei levande messe. Som innleiingsdel vart skapingshistoria frå Bibelen framført som lesing (konfirmant Magnar) og illustrert med lysbilete, delvis laga av konfirmantane Marie, Elida og Eirik. Foto av natur, dyre- […]
Les heile saka
På strekninga frå ferjekaia på Halsanaustan og innover til Felleskjøpets anlegg på Landvegen har det den siste tida vore mykje hjort. Hit kan du dra på hjortesafari og rekne på hundrtals med hjort frå bilvinduet. For ei vekes tid sia var vi på «safari» eit par kveldar for å sjå kva som bydde seg…. Hjorten […]
Les heile saka
Tysdag kveld tok Lars Olav Lund oss med på ein interessant tur til Sørishavet – eller nærare bestemt til Sør-Georgia, der han i periodar i 2013 og 2014 har delteke i eit jaktprosjekt som nærast er ein «ryddeaksjon» etter kvalfangarane for rundt hundre år sia. Da vart det nemleg sett ut eit tital reinsdyr på øya i Sørishavet, med tanke på å være sjølvforsynte med ferkst kjøtt som eit supplement til kvalkjøttet.
Les heile saka
Helgas hagemesse på Lillestrøm må betegnes som en ubetinget suksess for Talgø som var til stede med et bredt sortiment av MøreRoyal®-produkter. Ny publikumsrekord og stor publikumstilstrømning vitnet om at satsning på uterom og hage er et smart trekk for å skaffe oppmerksomhet rundt merkevaren fra Nordmøre.
Les heile saka
Om ikkje eit sikkert vårtegn, så er det i allefall eit sikkert sommartegn når ormen ligg ihjelkjøyrt på kvitstripa uti stranda. Derfor vart ubehaget tidleg vekt i år, når ein oppdaga den aller første hoggormen «spredt» utover vegen ved Todalshaugen på ettermiddagen i går. Denne hadde nok tatt turen utanfor hiet i tidlegaste laget for å varme seg på ein vårvarm asfalt oppvarma av sola over Rambjøra.
Les heile saka
Søndag var det ypperlig turvêr og skiføre, og det var nok mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. Det er enno godt skiføre og bra med snø i fjellet, sjølv om elvar og bekkar etter kvart er opne og kan by på litt problem. Odd Harald Talgø og Tove T. Brøndbo nytta denne dagen til ein stortur i fjellet, med start på Kårvatn og innover Naustådalen til Fagerlidalen og utatt Romådalen og ned til Heggøyann. Odd Harald hadde med kamera og har sendt oss ein masse fine bilder som vi gjerne deler med våre lesarar…
Les heile saka
Kristen Bruset har sendt oss nokre hjortbilder han tok i dag tidleg, da han passerte Høyemekra. Når han studerte bilda etterpå, oppdaga han at den eine hjortkolla ser ut til å ha misdanna klauver.
Les heile saka
I august 2014 reiste eg og Liv Ingrid Bævre Helgetun frå Noreg for å oppleve livet på New Zealand. Eg fortalte om fyrste del av eventyret vårt i eit reisebrev i desember. Dette er kva som skjedde på siste del av turen. Det er eit svært imøtekommande folk vi har fått møte her på New Zealand, venlege og inkluderande menneskje har fylt reisa vår. Ein skulle trudd at jul og nyttår på heilt feil side av jorda utan familie skulle bli einsam og full av heimlengsel. Men da skulle ein ta feil. I sommarvarme var både jul og nyttår feira med stor suksess i hovudstaden Wellington.
Les heile saka